Far og dotter, Arne og Eirin, er begge engasjert i liva til flyktningane frå Ukraina. Foto: Silje Talgø Klakegg

Far og dotter Nordbø, Arne og Eirin har samarbeida på eit prosjekt som fortel historia om dei som måtte flykte frå Ukraina.

– Det er ei sterk historie, seier Arne Nordbø om historia som var skriven av dottera.

Eirin Nordbø Akselrod har hatt mykje kontakt med dei ukrainske flyktningane som kom til Finnøy då krigen i Ukraina braut ut 24. februar 2022.

Ho kan prate litt russisk, og mannen hennar, Andrei Nordbø Akselrod er sjølv frå Ukraina. Han reiste i 2022 til grensa mellom Polen og Ukraina for å hente flyktningar. Nokre av dei var slektningar og vener.

– Det kjem nært på, seier Nordbø Akselrod:

– Andrei har både familie og vener att i Ukraina. Eg rakk aldri å besøke Ukraina før krigen braut ut, men Andrei vaks opp der og fortel om landet.

Vidare fortel ho:

– Far i familien eg skreiv om, er søskenbarnet til Andrei. Dagen familien reiste frå togstasjonen snakka Andrei lenge med søskenbarnet sitt på telefonen og det slo meg korleis det hele måtte vere frå faren sin side. Fram til då hadde eg vore veldig involvert og investert i kvinnene og barna sin situasjon. Men den kvelden gjekk det opp for meg korleis det måtte vere den som blei igjen. Og det var slik historia blei til.

Her kan du sjå videoen:

Dei som drar

Me ser dei, men me kjenner ikkje historia deira. Flyktningane. Dei som vakna midt på natta av flyalarmen, som drog med seg kosebamsen og veslebroren og så mykje klede dei klarte å få ned i kofferten. Av garde til togstasjonen.

Far er med til togstasjonen og ønskjer dei god tur til eit ukjend land. Han kunne ikkje vere med, for han er mann, og alle menn må bli igjen for å forsvare landet.

Veslebror er baby og kjem ikkje til å hugse det han reiste frå. Kjem heimen framleis til å vere der viss dei ein gong kjem tilbake?

Mamma prøver så godt ho kan å halde kontakten med pappa og heimlandet på videosamtalar. Det er ikkje heilt det same, men det er i det minste noko.

– Dottera mi skreiv ei historie om denne familien, om den gongen far følgde dei til togstasjonen og måtte bli igjen åleine i Ukraina. Eg blei så gripen at eg ikkje fekk til å sove etter å ha lese historia, fortel Arne Nordbø til Øyposten:

– Slik blei denne songen til. Eg måtte skrive han for å få historia ut. No har Eirin teikna 5 teikningar til teksten, og me har fått hjelp til å lage denne videoen.

Han som blir igjen

Familien i historia finst, men namna er fiktive. For mora, faren og dei to små barna er eit godt bilete på kva som hender med kvardagen til menneska som bur i land som plutseleg rammast av krig. Livet og kvardagen blir rive opp med rota.

Dei er normale menneske med normale liv og jobb, barnehage og fritid, men alt dette må dei forlate. Alternativet kan vere å døy. Dei dreg ikkje til Norge for å få et betre liv, for livet var godt før krigen. Dei vil berre overleve.

Her blir dei kasta inn i nye kvardagar dei ikkje forstår, ukjende omgjevnadar og folk som vil dei vel, men som korkje forstår kva dei seier eller kva dei har opplevd.

Barnehage og skule er annleis her. Andre reglar. Eit heilt anna språk. Forventningar som dei ikkje klarer å følge. For dei forstår ikkje kva som forventast. Og uroa i kroppen som kjem av saknet etter far.

Men far måtte bli heime. Dei veit ikkje kva tid dei får sjå han igjen.