På Finnøy fortvilar Elin Hesby over å ha fått tilskot til å restaurera eit gammalt naust samstundes som ho har fått pålegg om å søkja dispensasjon for å få byggjeløyve.

Korleis det kan gå å søkja dispensasjon, kan ei sak frå Østhusvik fortelja. Der fekk ein grunneigar nyleg endeleg nei frå Statsforvaltaren til å gjenreisa eit naust. Grunngjevinga er blant anna at allmenta vil miste muligheiten til å gå inn mellom dei gamle murane.

Midt i friområde

I sjøkanten i Vågedal rett sør for Østhusvik står tuftene etter tre gamle naust. Sjøhusa blei bruka fram til 1930-talet.

Murane til dei tre nausta sett mot nord. Foto: Sigbjørn Høidalen

På knausane kring tuftene er det i seinare tid reist ein heil hyttelandsby med funkishytter og moderne flytebrygger ute i sjøen. Då nokre av hytteeigarane fekk høyra at ein gardeigar ville setja opp att eitt av dei gamle nausta, protesterte dei. Nausttuftene står på friområde, og dei ville ha friområdet sitt fritt og i fred.

Stavanger kommune sa først ja til naustet, men snudde då Statsforvaltaren i Rogaland klaga. Grunneigaren klaga på avslaget, og før jul kom Statsforvaltaren i Vestland med det endelege svaret; nei til naust:

«Ulempene for friområdet er større enn fordelene ved å ta i bruk omsøkt tuft til et privat naust.»

Stedets ånd

Statsforvaltaren viser blant anna til reguleringsplanen, der det står under fellesreglar for planområdet:

«Det er vesentlig at inngrep i naturen holdes til et minimum, for å bevare stedets ånd.»

Her må gamle Rennesøy kommune ha tenkt på at det var viktig å dempe avtrykket til det planlagde hyttefeltet. I ettertid må det vere rett å seia at «stedets ånd» ikkje blei heilt upåvirka.

Vidare i fellesreglane står det: «Eksisterende sjøhustufter tillates restaurert.»

Problemet er bare at sjøhustuftene står på det som er regulert til friområde. Kommunen kan ikkje laga reglar som strir mot reguleringsførmålet, skriv Statsforvaltaren. Formuleringa om å kunne restaurera fell difor saman som eit gammalt sjøhus.

Nok privatisering

Statsforvaltaren skriv:

«Dersom det gis dispensasjon blir den aktuelle sjøhustuften, som i dag er tilgjengelig, privatisert. Allmennheten mister muligheten til å gå inne i tuften, slik muligheten er i dag.»

Statsforvaltaren i Vestland summerer opp med at klagen frå grunneigaren ikkje har ført fram. Nei til naust.

Øyposten har prata med grunneigar Arild Skjørvestad. Han ønskjer ikkje å uttala seg sidan advokaten hans jobbar med å få nokre avklaringar frå Statsforvaltaren. Eit alternativ kan vera å klaga saka inn for Sivilombodet.

Kart som viser det aktuelle området: