Fjord1 melder at ferja vil gå mellom Hanasand og Arsvågen resten av kvelden og i natt. Ny melding er varsla torsdag morgon.

Avgangar frå Foldøy, Hebnes og Jelsa med hurtigbåt torsdag morgon kansellerast, melder Norled onsdag kveld. Grunnen er dei dårlege vêrmeldingane og veldig høg sjø. All korrespondanse på Judaberg står i fare for å ryke, om ikkje dei nemnde anløpa kansellerast, skriv Norled i ei melding.

Anløpa til Helgøy og Nesheim var også kansellert på turen frå Ropeid til Stavanger onsdag kveld.

Ryfylkeferja blei innstilt frå klokka 17 og ut dagen.