Arild Flesjå sett ut teiner. Foto: Sigbjørn Høidalen
  • Sørg for å ha på redningsutstyr.

  • Hold lina lengst mogeleg unna propell når den dragast opp eller setjast.

  • Trekk og sett teiner på lo side slik at du ikkje driv over eige reiskap. Sørg for å ha beina frie frå tauverket under hele prosessen.

  • Vurder været nøye for du legger ut.

Mange omkomne

Statistikk frå Sjøfartsdirektoratet viser at det har vore minst 5 omkomne under hummarfiske i Rogaland sidan 2018. Alle menn.

Til saman har 178 personar mista livet i forbindelse med bruk av fritidsfartøy i Norge sidan 2017. Dette er 178 personar for mykje, meiner Sjøfartsdirektoratet.

– Då startskotet gjekk for årets hummarfiske 1. oktober, var godt og vel 30 000 personar påmeldt ifølgje Fiskeridirektoratets lister. Me i Sjøfartsdirektoratet vil ha alle disse heim igjen og understrekar derfor viktigheita av å tenke tryggleik i alle ledd når man jakter på havets svarte gull, seier kommunikasjonsrådgivar for fritidsfartøy, Siv Haugvaldstad Bygnes.

Sjøfartsdirektoratet sine råd

Sjøfartsdirektoratet følgjer Hovudredningssentralen sine råd, men legg til disse tinga du kan tenkje på før du legg ut på hummarfiske:

  • Meld frå kor du går, og ha med nødvendig varslingsutstyr. Mobiltelefon kan i mange tilfelle vere nok, men me anbefaler VHF i tillegg.

  • Ha det ryddig i båten. Pass på at tau er rydda og ikkje ligg i vegen for bevegelse i båten.

  • Ha tilgjengeleg ein skarp kniv til å kunne kutte tauverk.

  • Unngå kantring, og tenk derfor på stabiliteten i båten når du stablar teiner.

  • Sjekk at du har ein leider som du når frå sjøen, og som er god nok til at du kan faktisk klarer å klatre om bord. Det er viktig at den går godt nok ned i sjøen. Hugs at våte klede gjør deg tyngre i vatn, og det kan derfor vere lurt å teste leideren du har i forkant.

  • Det bør helst vere to personar i båten under hummarfiske.

Nullvisjon vedteke

Regjeringa har vedteke ein nullvisjon for omkomne på sjøen.

– Sjøfartsdirektoratet er glade for å ta imot oppdraget med å utvikle ein handlingsplan for ein nullvisjon frå regjeringa. Ein nullvisjon vil bidra til å auke sjøtryggleiken, slik at enda fleire kjem trygt heim frå arbeid eller fritidsaktivitet på sjøen. Vi ser fram til å samarbeide tett med næringa og andre styresmakter for å få dette på plass, sa sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide då arbeidet med handlingsplanen for nullvisjonen starta opp i januar.