Bru er bokstaveleg tala Stavangers beste vestkant. Korleis har det blitt slik for øya som har eit bedehus, ein barnehage og ein privat kulturlåve?

Ei opplagt forklaring er at øya ligg i passe kort avstand på vestsida av byen. Og så er det sikkert fleire forklaringar. Øyposten har prata med ein som kjenner Bru; Eirik Bru.

Lettselde hus

– Bru har hatt attraktive tomter, og me har ein særdeles fantastisk barnehage. Byggefelta er ikkje vulgære, og dei har laga småkoselege båthamner, seier Eirik.

Bru med koseleg småbåthamn og nøkternt bustadfelt. Foto: Sigbjørn Høidalen

Han har jobba 40 år i oljeindustrien. Mange på øya har gode jobbar i oljå, fortel han:

– Heilt unikt for Bru er at viss du legg ut eit hus for sal, så er det selt dagen etter. På dei hine øyane kan hus liggje ute i månadsvis. Då blir mange hus i staden kjøpt som sosialbustader. På Bru har me mange husstandar med doble inntekter, og me har så godt som ingen sosialklientar.

Frå byen og ut

Skatteoppgjeret viser at medianinntekta for dei 366 skattytarane som soknar til øya var 431.629 kroner i fjor. Medianinntekt vil sei at talet på dei som tener meir er lik talet på dei som tener mindre. Eit par med astronomiske inntekter på toppen påverkar altså ikkje medianinntekta.

Ingen andre postnummer i Stavanger kommune har høgare medianinntekt enn 4158 Bru. For øyane ser me eit mønster at inntektene fell til lenger vekk frå byen me kjem. Dei ikkje landfaste øyane ligg lågast. Eit unntak er Talgje, som er landfast men som ligg aller lågast av poststadene i Finnøy og Rennesøy.

Poststader i Finnøy og Rennesøy sortert etter median skattbar inntekt i kroner i 2022:

PoststadMedian inntektMedian formueTal skatteytarar
Bru431 62944 909366
Mosterøy377 99730 625974
Vestre Åmøy371 398120 950283
Austre Åmøy355 61592 819203
Rennesøy325 52717 2622180
Finnøy320 95417 6011650
Sjernarøy318 863463 058271
Skartveit311 38769 85996
Fogn274 573112 035298
Ombo260 435232 255197
Talgje247 1603 679260

Sjekk skattekartet for andre postnummer i Rogaland og resten av landet:

Lange steingardar

Det meste av busetnaden på Bru er på sørsida av øya, i retning sola og med utsikt over Byfjorden til byen. På nordsida er det kulturlandskap og kilometervis av steingardar frå utskiftingane på 1800-talet.

– Eg trur ikkje det vil kome store utbyggingar her. Dei kan ikkje ta dyrka mark og valdta steingardane, seier Eirik Bru.

Bru i eit lite nøtteskal med ein steingard, Bru og Sokn bedehus og bak der igjen inne i skogen, barnehagen. Foto: Sigbjørn Høidalen

Steingardane kom då det blei slutt på felleseige. Seinare er det andre ting som har skapt skiljer. Eirik vil ikkje skildre Bru som noko paradis.

– Bygdetrollet har gjort forferdelege ting. Viss du har gjort det godt, har bygdetrollet freista å hogge deg ned, fortel Eirik.

Han meiner òg at bedehusmiljøet har skapt fraksjonar. Sjølv er han frimurar.

Ei velsigning

Ein ting som utvilsamt batt ting saman var då Rennfast opna i 1992.

– Rennfast er alfa og omega for oss. Å ha tunnelen til Randaberg og brua til Mosterøy er heilt fantastisk, seier Eirik.

– Men gjekk det ikkje faktisk kjappare å kome til byen då ferja gjekk frå Bru?

– Nei, det gjorde ikkje det. Du måtte vente på kaien, og kan hende kom du ikkje med. Kan hende var det ein hyttbuar som sneik seg føre etter å ha bestukke kapteinen med ei flaske brennevin, svarar Eirik:

– Rennfast var ei Guds velsigning.

Kart som viser Bru: