Turområdet Teigen på Finnøy kan bli meir enn dobla

Kommunen snusar på eit tilbud om å kjøpa Hesbyskogen på Finnøy. Det er ikkje avtalt nokon pris, men viss kjøpet går i boks kan turområdet Teigen bli meir enn dobla.

Birgitte Jacobsen og Thorstein Pedersen brukar turområdet i Teigen mykje, og ser gjerne at kommunen kjøper «Hesbyskogen».
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Det vil vera kjempeflott viss kommunen kjøper området, er både Thorstein Pedersen og Birgitte Jacobsen enige i.

Øyposten treff dei idet dei er ute på sin regelmessige trimtur i turområdet. Begge er ivrige brukarar av turområdet på toppen av Finnøy, og synes det er ein kjempegod ide at kommunen sikrar seg området.

Stavanger kommune har fått tilbud om å kjøpa vel 140 dekar, som grensar til turområdet Teigen. Prislappen er fem millionar kroner, og saka skal opp til politisk behandling neste veke.

-Det er viktig at kommunen sikrar seg området, meiner leiar i Teigens venner, Aridl Flesjå. Her står han på kyrkjestien til Hesby og beundrar den fint mura steingarden.

Stort område

Viss kjøpet blir vedteke, vil Teigen-området bli utvida frå dagens 93 dekar til 235 dekar. Området er i det vesentlege dekka av stor granskog, med islett av lauvskog inn i mellom. Det er foreløpig ikkje avtalt nokon pris for området, som vil bli ei forhandlingssak mellom grunneigarane og kommunen.

Området blir alt i dag benytta av turgårarar, og det er laga turstiar på kryss og tvers i området.

-Det er fornuftig av kommunen å sikra fleire friluftsområder, meiner leiar i Teigens venner, Arild Flesjå.

Han håpar at politikarane kjem til enighet om eit kjøp av omådet.

-Teigen er eir viktig nærturområde, ikkje bare for folk frå Finnøy, men også frå naboøyane i sør, som Talgje og Rennesøy. Det kjem også folk heilt frå byen for å gå tur her, seier Flesjå, som også peikar på at Stavanger kommune har få turområder i eigen kommune.

Bergevarden ligg like i nærleiken, med utsikt heilt til Stavanger.

Kommunen er positiv

Kommunedirektør Per Kristian Vareide tilrår også at kommunen kjøper området.

Han legg vekt på at kjøp av området vil ha mykje positivt å seia for lokalmiljøet på Finnøy. Vareide peikar også på at kjøp av området vil gjera at turvegnettet kan bli utvida, eventuelt også med lys, samt at skogen kan bli skjøtta og utvikla for turfolket på øya.

Framover vil også turvegnettet kunna bli universelt utforma slik at området blir endå meir attraktivt enn i dag.

«En friluftsskog kan da forsøkes utviklet gjennom målrettet skjøtsel for å øke opplevelsesverdiene, fremkommelighet og naturmangfoldet», heiter det i innstillinga til politikarane.

Det er området med blå kant kommunen er tilbydd å kjøpa.

Kamp å få tak i arealer

Kommunendirektøren har også funne pengar til kjøp av området. Teigen-området er 1000-årsstaden i Finnøy.

Området som kommunen nå vurderer å kjøpa består av to teigar. Seljar er Stephan Dickinson og Bjarte Austbø.

-Tilbudet om at kommunen kunne kjøpa området, er blitt svært godt motteke. Vanlegvis har kommunen ein kamp med å få hånd om nye arealer, men her har dei fått eit godt og fornuftig tilbud.

Eg hadde to alternativer når det galdt min del av skogen: Enten å skoga det ned og gjera det om til beite, eller selja det til kommunen. Sidan dette er eit populært turområde for finnøybuen valde eg sjølvsagt det siste, og blei enig med Austbø at me skulle tilby området til kommunen, seier Dickinson.