FINNØY: Fram til no har produskjonen av bifftomatar vore relativt liten, men Jan Terje Vignes håper at kundane skal ta ta dei inn i varmen igjen.

Han reknar med at tomatane er klare i løpet av 1. veka i mars.

– Det er på ein måte litt comeback for bifftomatane. For rundt 20 år sidan var dei svært populære, så sakka det litt av, men no kan det virka som om bifftomatar er på veg tilbake, seier Vignes, som totalt har 25 mål med tomatar.

I år har han runde tomatar, Juanita og bifftomatar.

– Ser sesongen bra ut?

– Ja, det vil eg sei, det ser positivt ut. Eg er meir spent på kva som vil skje etter 1. juli, om straumstøtta vil fortsetta. Situasjonen er ennå uavklart, så me veit ikkje kva som vil skje, seier Jan Terje Vignes.