FINNØY-RENNESØY: Ordninga er berekna på ungdom mellom 18–24 år, men også eldre kan bli med viss det er plass.

Ordninga blei utvida til Rennesøy frå september og ut året, men har ikkje slått an blant ungdommane i kommunedelen.

Det har vore svært lite passasjerar på rutene, som går med minibuss i helgene til Åmøy. Mosterøy, Fjøløy og Sørbø. Det bur rundt 200 ungdommar i området, altså betydeleg fleire enn på Finnøy og Talgje.

Lite kjent

Forklaringa kan vera at det er enkelt for foreldre i Rennesøy å henta ungdommane frå nattbussen, men det kan også vera at tilbudet ikkje er godt nok kjent blant dei unge i kommunedelen, meiner kommunen.

Stavanger kommune vil søkja om tilskot til både Finnøy og Rennesøy frå Kolumbus igjen, men vil redusera tilbudet til Rennesøy i form av mindre bilar og kanskje vanlege taxi’ar.

Kommunen vil prioritera «Hjem for en 50-lapp» til Finnøy, sidan ungdom der ikkje har mulighet for kollektivtransport heim etter klokka 23. Rennesøy har derimot to nattbussar per natt, og fleire stoppestader kor unge kan hentast av foreldre.

Men i utgangspunktet satsar kommunen på at tilbodet kan oppretthaldast for begge kommunedelane.

God respons frå Finnøy

Tilbakemeldingane frå ungdom på Finnøy som har brukt ordninga, er svært gode, og fleire har kommentert kor trygt det er å koma seg heilt heim. Ifølge ungdommen er bil med plass til åtte passasjerplassar for lite.

Når Finnøy-ungdommen skal ut, er dei ofte fleire saman. Dersom nokon ikkje har fått plass, må dei bestilla eigen taxi, og dei som fekk plass i maxitaxien vel å vera lojale overfor vennene sine og avbestiller dermed turen heim med «Hjem for en 50-lapp» for å vera med å dela på taxiutgiftene til ein vanleg taxi heim til Finnøy.