Biogassanlegget på Finnøy fekk avslag igjen frå Enova
Biogassanlegget på Finnøy nådde ikkje opp i konkurransen om støtte frå Enova.
FINNØY: Avslaget kom før jul, og er avslag nummer to på søknaden om støtte frå Enova. Biogassanlegget har søkt om 25 millionar kroner i støtte frå statsforetaket.
Ifølge seniorrådgjevar Trond Bratsberg i Enova var det 10 søknader, og ni av søknadane var kvalifisert. Det galdt også biogassanlegget på Finnøy.
-Men det er konkurranse mellom søknadane, og me vel ut dei beste som me gir støtte til, opplyser Bratsberg.
Han legg til at det blir ein ny søknadsrunde i midten av april, som biogassanlegget på Finnøy er velkomen til å søkja på.
-Me brukar å ta ein samtale med søkjarane om korleis søknaden kan forbetrast til neste runde, legg Bratsberg til.