Trimpark Østhusvik fekk pengar – Klatreanlegg Vikevåg fekk avslag

For å få spelemidlar til leikeplassar gjeld det å sette seg inn i regelverket.

Trimparken i Østhusvik blei rehabilitert i fjor.
Publisert:

I vår fekk Trimpark Østhusvik 300.000 kroner i spelemidlar frå Rogaland fylkeskommune.

Etter det Øyposten kan sjå var trimparken det einaste anlegget i Rennesøy og Finnøy kommunedelar som fekk spelemidlar i år. Fylkeskommunen delte ut til saman 183 millionar kroner til 140 søkjarar rundt i fylket.

Eitt av anlegga som fekk avslag var Klatreanlegg Vikevåg, går det fram av eit brev sendt ut i sommar.

«Alminnelige lekeplasser og tilhørende lekeplassutstyr som definert i NS EN 1176-serien faller utenfor ordningen», står det i brevet frå Rogaland fylkeskommune.

Fylkeskommunen viser til at det kan søkjast på nytt neste år.

For å få spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er det vanleg at ein søkjer via nettsida anleggsregisteret.no. Først sender ein søknaden til Stavanger kommune, der søknadsfristen er 1. november. Kommunen sender søknaden vidare til fylkeskommunen, som tildeler pengar på vårparten ein gong.

Nettsida anleggsreisteret.no gir følgjande råd til dei som søkjer:

«Det anbefales at man setter seg godt inn i vilkår og krav, søknadsprosessen og vanlige spørsmål.»

Publisert: