Øyposten har snakka med folk i Finnøy og Rennesøy for å høyra kva dei forvantar av det nye året, og kva håp dei har.

Bjørg Vestbø, Rennesøy: Ynskjer ein god alderdom

Bjørg Vestbø blir pensjonist i 2023. Foto: Arkiv

– For meg blir 2023 eit spesielt år. Etter eit langt og aktivt yrkesliv, går eg frå 1. februar inn i ei ny rolle, pensjonistrolla.

Eg har lova meg sjølv å ikkje gå i dørene på frivilligsentralen, men kanskje etter kvart heller melda meg som frivillig.

Det største ønske er at eg skal få vera frisk og oppleva ein god alderdom. Eg har mange ting eg likar å halda på med og som eg no får tid til. Det er eit fantastisk privilegium. Endeleg skal eg få meir tid saman med barn og barnebarn, og endeleg skal eg sjølv bestemma innhaldet i dagane. Me veit jo ikkje kva det nye året byr på, verken lokalt eller globalt. Me må ta det som kjem.

Aslak Bråtveit, Finnøy: Jamnar fordeling

Aslak Bråtveit ved pianoet heime i stova. Foto: Arkiv

– Radio og fjernsyn minner om kriser som roper på lindring eller løysing. Dei fattige og forfølgde vil me alltid ha hjå oss. Sjukdom og sorg er vårt lodd. Nokre konkrete håp for 2023 stig fram: Internasjonalt; måtte det bli fred i Ukraina, våpna stilna og avtalar signerast.

Nasjonalt; djerve politiske ordningar for jamnare fordeling av gode. Rakrygga tilgang til bustad, mat, varme og klede til alle.

Lokalt; håp i det håplause, meining i forvirringa. Ingen sjølvmord.

Eg håper at dette er realistiske mål og at kvar einskild kan vera med på den dugnaden som fell på oss. Gjennom politisk engagement, rause liv og deling av våre håp kan kvar av oss gjera sitt.

Marit Surnevik, Rennesøy: Folk må bli snillare med kvarandre

Marit Surnevik i hagen på Dale på Rennesøy. Foto: Privat

– Meir støtte og hjelp til Ukraina, det forventar og håpar eg skjer. Vidare forventar eg at nokon klarer setta Donald Trump på sidelinja. At det blir slutt på konspirasjonsteoriar og falske nyheiter.

Personleg skal eg fornya sertifikatet til neste år. Å kunne køyra bil er ein viktig ting i min alder så det håper eg vil gå bra.

Elles hadde det vore kjekt med meir positive nyheiter. Eg veit det er mykje fælt som skjer i verda, og at det vanskeleg kan framstillast annleis. Det er mest ikkje ein einaste positiv nyheit å spora nokon stad.

Til slutt ber eg om at folk må bli snillare med kvarandre.

Erlend Nes, Ombo: Borna må få vera born

– Eg forventar at 2023 blir året kor me pelsdyrbønder kan bli ferdige med denne triste saka, og komma oss vidare.

Så ønskjer eg at Putin trekk seg ut frå Ukariana og passar sin eigene saker, og at me klarer å ta endå betre vare på dei ukarinske flyktningan som kjem til Norge. Det trur eg vil skje neste år.

På dei mindre flatene har eg eit ønskje om at borna må få vera born, og ikkje utsettast for all elendigheit me høyrer og ser i media. Eg meiner ikkje at dei skal skjermast frå den verkelege verda, men at det dei tek del er meir balansert framstilt. Det må bli meir plass til lott og løye, og leik.

Til slutt vil eg sitera presten vår: Guds velsigning over ærleg næringsliv på øyane.

Hjørdis Halleland Michalsen, Finnøy: Mange håp for 2023

Hjørdis Halleland Mikalsen Foto: Privat

– Det er spennande dette med å gå inn i eit nytt år, desse blanke arka som skal fyllast med både sorg og glede. Du spør etter kva forventningar eg har. Eg er litt skeptisk til det ordet. Å forventa ting av seg sjølv eller andre kan lett føra til skuffelse. I alle fall om forventingane er store og uoverkommelege. Då er håp eit betre ord. Eg har mange håp for 2023, både for meg sjølv og verda rundt meg. Eg har eit håp om å lesa fleire bøker. Eg har alltid vore ein lesehest. Å gå inn i ei anna verd gjennom sidene i ein roman er lærerikt og gjevande på så mange plan. Men i det siste har eg hatt lesetørke, eg har ikkje klart å konsentrera meg om lesinga. Det er telefonen sin feil. Den ligg der og blenkar og vibrerer og krev merksemda mi. Eit håp for 2023 er altså at bøkene skal få meir merksemd i livet mitt – og telefonen langt mindre.

Eit anna håp for det komande året handlar om å bli eit betre menneske. Ikkje det at eg er eit utprega dårleg menneske, men eg trur me alltid skal streba etter å bli endå litt betre, særleg i møte med andre menneske. Toleranse er eit viktig ord. Me må tola kvarandre, tola at me er ulike. Akseptere skilnadane, sjå rikdommen i mangfaldet. Eit anna håp handlar om Ukraina. At 2023 blir det året me får sjå enden på denne vonde og vanskelege konflikta, at det ukrainske folket skal sleppe å leva i kulde og mørke og angst for nye rakettangrep.

Kai Risa, Rennesøy: Satsar på endå meir liv i Østhusvik

Kai Risa driv Sjøberg Ferie i Østhusvik på Rennesøy. Foto: Privat

– Eg ser lyst på 2023 og har store forventningar til det nye året, og då tenker eg fyrst og fremst på bedriften.

Me forventer større trafikk og meir aktivitet både på bubilcampingen, båtturistar og hotellet, og det gjeld både for lokalbefolkninga og feriegjester. Allerie no er det større interesse for fisketurisme enn tidlegare. Så har me fått nye naboar på Sjøberg, og forventar at me saman kan skapa endå meir liv og aktivitet i Østhusvik.

Krigen i Ukraina må ta slutt, og me må få eit rolegare Europa. Trass i alt som skjer i verda no, må me prøva å halda fokuset framover. Det forventar eg me skal klara i det nye året.

Heidi Bø Sangedal, Fogn: Krigen i Ukraina må ta slutt

Heidi Bø Sangedal frå Fogn. Foto: Arkiv

-Viss eg skal dela nokre personlege ønsker for 2023 må det vere å ha meir tid til dei rundt meg både familie, vener og sambygdingar. Eg gler meg til eit nytt år med konsertar, fotballkampar, turar m.m.

Når det gjeld forventningar så håper eg at Viking får eit godt fotballår.

Eg håpar me kan vera eit samfunn som bryr oss om kvarandre. Det er eit stort ønske at krigen i Ukraina tek slutt. Eg ønsker at me i kyrkja kor eg jobber skal fortsetta å vera synlege i lokalmiljøet, med gode møteplassar og fellesskap. Det er gledeleg med nye tilflyttarar til øyane våre og det er eit håp at me skal klara å legga til rette for at fleire kan bu i våre lokalmiljø. Eg trur at 2023 blir eit år kor endå fleire vil komma for å gå tur i dei fine turområda på øyane.

David Lilleheim, Rennesøy: Tek eit stort skritt i 2023

David Lilleheim driv reisebyrå på Rennesøy, og er styreleiar i Kulturhuset Meieriet. Foto: Arkiv

– Eg har store forventningar til 2023 og til kva det nye året vil bringa for meg og familien. Kona har sagt opp jobben på sjukeheimen på Randaberg og blir «kontorrotte» i familibedriften IWannaGo frå neste år. Me har teke eit stort og spennande val, og flytter med heile familien og reisebedriften til Muscat i Oman i påska. Førebels for to år.

Eg forventar at dette blir ein innhaldsrik og spennande periode so me me alle vil ha glede og nytte av heile livet. Oman er allerie ein destinasjon i turopplegget vårt, som ser ut til å selja bra også neste år. Stadig fleire nordmenn augene opp for Oman som turistdestinasjon. Eg har frå før inngåande kjennskap til Kenya og Tanzania i Afrika, men Oman er nytt for oss begge. Det var litt av poenget, nemleg. Borna gler seg til å byrja på internasjonal skule og er motiverte til å ta fatt, sjølv om ingen av oss ikkje heilt veit kva me går til.

Så er det diverre ein grusom krig i Europa som me gjerne skulle vore forutan, men livet må gå vidare.

Ragnhild Hartvedt, Halsnøy: Tid til familie og vera til stades

Ragnhild Hartvedt frå Halsnøy. Foto: Privat

– Det å få spørsmål om kva for tankar og forventningar ein har til det nye året, gjer at eg må stoppa opp litt og faktisk tenka gjennom det. Og det er vel nettopp det som eg håper vil bli gjeldande for 2023; tid til å stoppa opp midt i den travle kvardagen med små ungar, jobb og aktivitetar.

Tid til familie, tid til å vera til stades og tid til å stille opp når det er behov. Eg håper når eg samanfattar på slutten av året, at eg kan beskriva 2023 som eit år med mykje kvalitetstid, takknemlegheit, latter, rausheit, velsigningar og godheit.

Mine nyttårsforsett varer stort sett ikkje lenger enn til litt uti januar, slik som for dei fleste – men mitt personlege mål er at eg må øva meg på tilgivelsens språk, og ikkje bli snarsint eller langsint. «Pay it forward» - å dela godheit vidare er kanskje ei fin overskrift for 2023, for meg – og for deg.

Tina Nådland, Rennesøy: Håpar Kari held fram som ordførar

Tina Nådland er koordinator på Innbyggartorget i Rennesøy. Foto: Arkiv

– Eg håper verkeleg at den brutale krigen i Ukraina tek slutt neste år, og at det blir slutt på liing og elendigheit.

Elles ser eg fram til det nye Innbyggartorget og Helsehuset i Vikevåg som skal på plass i Vikevåg. Og så håper eg at Kari får fortsetta som ordførar etter valet til hausten, ho gjer ein kjempejobb for kommunen tykkjer eg.

Til slutt ønskjer eg at alle held seg friske og raske tek godt vare på kvarandre, og at alle får eit godt og framgangsrikt nytt år.