Ny sjef for frivilligheten i Rennesøy: -Ynskjer at folk tek kontakt

Mandag denne veka blei den nye leiaren for Rennesøy Frivilligsentral hjarteleg motteken med super banankake av avtroppande leiar Bjørg Vestbø.

Kim Tysse Ingebrigtsen hadde med blomar til avtroppande leiar i Frivilligsentralen på Rennesøy, Bjørg Vestbø.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: -Har du nokre råd til din etterfølgar, lurer Øyposten på.

-Nei, eigentleg ikkje, svarar Bjørg Vestbø.

-Han skal få begynna med blanke ark, og finna sin eigen veg. Eg skal ikkje leggja meg opp i arbeidet hans, slår Bjørg fast, som nå går over i pensjonistane sine rekkjer.

Etter 16 år som leiar av frivillighetssentralen, gir ho seg, og Kim Tysse Ingebrigtsen, opphavleg frå Narvik, er klar til å hoppa inn og «ta taumane».

Verdas kjekkaste jobb

Med seg i bagasjen hadde Ingebrigtsen ein fin tulipan-bukett, som den avtroppande leiaren blei veldig glad for.

-Dette er verdens kjekkaste jobb, slår Bjørg fast, som er bedt om å stå i jobben ut januar for å gjera overgangen så smidig som mulig.

Det er vel 30 lag og organisasjonar i Rennesøy, som den nye leiaren av frivillig-sentralen får med i sin portefølge.

Kim Tysse Ingebrigtsen har jobba tre år i Midtre Hålolgaland Friluftsråd, i ei prosjektstlling.

-Der hadde eg mykje med barn- og unge å gjera, og har vore med og tilrettelagt gode møteplassar i friluftslivet. Er det nokon som har innspel eller treng hjelp for eksempel til søknader, er det bare å ta kontakt, seier Ingebrigtsen, som gledar seg til å begynna.

Kan koka grøt

Han har kone frå Klepp, og dei har nå busett seg i Randaberg.

-Kor godt kjenner du Rennesøy?

-Ikkje så veldig, men eg har kjørt litt rundt for å gjera meg litt betre kjent, seier Kim, som ser for seg å bruka mykje tid med Bjørg og lytta til hennar erfaringar.

-Det blir spennande å sjå kva me kan få til saman med lag og foreningar i kommunedelen, seier Kim Tysse Ingebrigtsen.

Ein viktig del av jobben er å spandera julegrøt, og det trur Kim at han skal klara heilt fint.

-Eg laga nissegrøt for familien 22. desember, opplyser han.

Publisert: