Kunstgrasbanen i Vikevåg skal rehabileterast
Stavanger kommune vil fiksa opp kunstgrasbanen i Vikevåg i løpet av sommaren.
RENNESØY: Ekstraordinært store mengder fiber losnar frå kunstgrasmatta i Vikevåg, noko som lagar store sår i matta og fylgjer med spelarar og brukarar ut av banen. Fotballforbundet i Rogaland meiner det er ei «tikkande miljøbombe».
Nå vil Stavanger kommune ta tak io problemet, lovar idrettsjef Arne Tennfjord i Stavanger kommune.
-Banen er utgått på dato, og me kjem til å fjerna den gamle kunstgrasmatta og sende henne til resirkulering, opplyser Tennfjord til Øyposten.
Planen er å gjera det til sommaren, når det er tørrast og best vêr.
-Men først må me undersøkja korleis grunnforholda til banen er, før me legg på ny kunstgrasmatte, legg Tennfjord til.
-Kjem det til å bli dyrt?
-Det vil nok kosta nokre millionar kroner, men me håpar å få spelemidlar til dette, seier han.
Fotballforbundet i Rogaland tilrådde også at banen blei stengd for skulen, men det ser ikkje Tennfjord noko poeng i.
-Skuleelevar har ein annan bruk av banen enn seriekampar, meiner han.