Første del av advent har vore uvanleg vinterleg i øyane, med snø i lufta fleire dagar og tendensar til skiføre. Det vinterlege været varar ikkje ved, skal me tru langtidsvarselet til Meteorologisk institutt, som nå strekk seg heilt fram til julaftan.

Dei neste dagane skal det bli fleire varmegrader og regnfullt. Førstkomande laurdag og søndag blir det i Rogaland meldt fare for mykje regn, fare for flaum og om ikkje det var nok, fare for jord-, sørpe- og flaumskred.

Ikkje mykje å kome i julestemning av dette, men me skal ikkje grave oss ned før det er for tidleg.

Fram mot julaftan søndag 24. desember skal det bli litt kjøligare att og regnet skal roe seg litt ned. Kan hende blir det litt sludd.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane fram til julaftan. Foto: Sigbjørn Høidalen