Har du hugsa å ettermontere setebelte i traktoren din? Viss ikkje, begynner du å få dårleg tid. Foto: Birger Hetland

I august vedtok Samferdselsdepartementet krav om bruk av setebelte i traktorar, også utanfor arbeid.

I tillegg blei det påbudt å ettermontere setebelte i traktorar som er utstyrt med beltefeste eller festepunkt. Fristen går altså ut nyttårsaftan.

Mange traktorar har beltefester montert, men har likevel mangla sjølve belta.

Ifølge Statens vegvesen gjeld påbodet berre for traktorar som har montert førarvern, såkalla roll-over protection structures. Dette er ein konstruksjon – som et førarhus eller veltebøylar – som beskyttar sjåføren ved velt. I tillegg er det enkelte unntak frå setebeltekravet.

Unntaka er omtale i paragraf 1a i Forskrift om bruk av personleg verneutstyr under køyring av motorvogn:

«Påbudet om bruk av setebelte gjelder likevel ikke:

  1. når traktoren står stille,

  2. når bruken av setebelte i seg sev medfører en økt risiko for skade,

  3. når bruk av setebelte er til stor ulempe og det er liten fare for velt eller bråstopp,

  4. og elles når vedkommende har med legeerklæring som fritar frå å bruke setebelte.»

Setebelte i traktorar med krav om ettermontering, vil bli kontrollert ved neste EU-kontroll.