FINNØY: -Me er veldig glad for denne nyheten, for oss var det eit vera eller ikkje vera, seier Tove Sivertsen i TEAL til Øyposten.

Siva står for det statlege Industrivekst-selskapet.

Den årlege støtta til næringshagen på Finnøy aukar frå 1,4 millionar årleg til 2,1 millionar kroner. Løyvinga forutset at statsbudsjettet blir vedteke i Storinget.

–Dette er ei viktig tillitserklæring for oss, og me gledar oss til å fortsetja og vidareutvikla samarbeidet med aktørar i næringslivet, legg Sivertsen til.

-Vil auka støtte også bety auka aktivitet?

-Ja, me tek sikte på det, og reknar også med å tilsetja fleire folk, svarar Sivertsen.

Hovudkontor på Finnøy

TEAL har hovudkontor på Finnøy, og har heile Sør-Rogaland som virkeområde, med hovedfokus på landbruk, havbruk, reiseliv og lokalmat. Teal samarbeidar med kommunane Bjerkreim, Kvitsøy, Sokndal og kommunedelane Finnøy og Rennesøy i Stavanger pluss siderprodusentar i Hjelmeland.

TEAL har i år jobba med rundt 50 bedrifter gjennom næringshageprogrammet. Helgøysund Marina, som blei kåra til årets Gjestehavn i 2022, fleire av siderprodusentane i Rogaland, Trafoleden, Rogaland Havbrukspark, inkubator for landbasert oppdrett og framveksande arter, ysteprosjekt på Kvitsøy, Sjømatakademiet, GladQ og Destinasjon Bjerkreim er eksempler på bedrifter TEAL har jobba med.

TEAL har også hatt ansvaret for fagdagen under Tomatfestivalen på Finnøy.

Levedyktig og framtidsretta

Gjennom Rogaland Havbrukspark på Judaberg har TEAL også fått pengar frå Inovasjon Norge til å skapa eit nettverk for akvabedrifter som vil satsa på nye artar.

Blant totalt 89 søkarar fekk 38 innvilga søknaden og blei tatt opp i det nye næringshageprogrammet. 35 søkarar er tatt opp i inkubasjonsprogrammet.

Gjennom næringshageprogrammet skal me bidra til å skapa eit levedyktig og fremtidsretta næringsliv i distrikta, og gjennom inkubasjonsprogrammet til å skapa morgondagens konkurransedyktige bedrifter i internasjonale marknader. Det blir også viktig å bidra til at dette skjer på ein berekraftig måte, seier Kristin Eriksen, direktør Innovasjon i Siva.