Næringsforeningen i Øyane har eit par ting dei vil ta opp med byggesaksavdelinga i Stavanger kommune:

  • Kvifor blir ikkje busettingsomsynet vekta høgare når folk på ikkje landfaste øyar søkjer om å få bygge i LNF-område?

  • Kvifor skal eit kommunalt særkrav om klimarekneskap for landbruksbygg bremse utviklinga i landbruket?

Vanskelege klimakrav

Dei to ankepunkta kom fram då Næringsforeningen i Øyane torsdag hadde medlemsmøte på Kulturbruk 44/4 på Bru. Foreininga ber nå om eit møte med byggesaksavdelinga i Stavanger om det første punktet, det med å heva statusen til busettingsomsynet i øyane når folk vil setja opp ein bustad eller eit bygg til mindre næringsverksemd.

Det andre punktet var det leiar Aud Jorunn Bru i Rennesøy bondelag som løfta inn.

– Å krevja klimarekneskap for landbruksbygg er det bare Stavanger og Bergen som gjer. Dei som jobbar med å setja opp slike bygg seier at ingen kommunar i Rogaland er så vanskelege som Stavanger, og det er lite hjelp å få, sa Bru.

Ho tok opp problemet i større breidde då ho seinare på kvelden var innleiar under eit ope møte om Stavanger som landbrukskommune.

Betre drift av tunnelane

Næringsforeningen i Øyane tek tak i ting som kan gjera det lettare å driva næringsverksemd i Finnøy og Rennesøy. Ei sak der dei har vunne fram eit stykke på veg, er drift av tunnelane.

– Me har hatt møte med tunneldirektøren, seier rådgjevar Hanne Hernes i foreininga:

– Me har teke opp at det stadvis var dårleg mobildekning, og at det var lite smidig trafikkavvikling når det oppstod situasjonar i Mastrafjordtunnelen og Byfjordtunnelen. Begge deler har faktisk blitt betre.

Tidlegare kunne tunnelane bli stengt sjølv om det bare var stopp i eitt av tre felt. Fartsgrensa kunne òg bli redusert i heile tunnelen når det var ei lita hending heilt i den eine enden.

Ei tunnelsak som står att å løysa er at Finnfast blir vaska på dagtid, som nokre dagar i året skapar kolonnar og kø.