Arbeidet med sjukeheimen går etter planen

Etter at Norrøn Betong overtok arbeidet med sjukeheimen etter konkursen i Kvia Entreprenør, har arbeidet gått heilt etter planen.

Norrøn Betong frå Nærbø har overtatt jobben med å byggja tilbygget til sjukeheimen på Finnøy.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Det verkar som om kommunen er godt nøgd med arbeidet vårt, seier arbeidsleiar Martin Tendenes i Norrøn Betong til Øyposten.

-Me har ikkje tatt inn igjen den månaden som det blei stans etter konkursen, men det var heller ikkje planen. Borsett frå det har arbeidet gått på skjenar, og me fylgjer den oppsette planen, seier Tendenes.

Nå held dei på med støyping av vegger i kjellaren, heissjakt og golv.

-Me har vore heldige med vêret, og ikkje blitt stoppa av frost eller snø, opplyser arbeidsleiaren i Norrøn Betong frå Nærbø.

Han reknar med at betongarbeidet skal vera ferdig til sommaren. Då vil bygget raga 15 meter over bakken.

-Etter det blir det ein pause, før me kjem tilbake til nytt oppdrag i den eksisterande delen av sjukeheimen, opplyser han.