BB Elektro merkar stor pågang etter solceller

BB Elektro har bestilling inne på fem tak dei skal montera solceller på. I tillegg gjer dei prisar på solceller kvar veke.

-Dette er ein ny og spennande marknbad for oss, seier Birger Bøe i BB Elektro på Finnøy.
Publisert:

FINNØY: -Det er ein ny og spennande marknad også for oss, seier dagleg leiar Birger Bøe i Finnøy-bedrifta BB Elektro til Øyposten.

Dei har alt lagt solceller på eit privathus på Rennesøy, og skal også leggja solceller på to gardsbruk, ein butikk pluss tomatpakkeriet på Fogn.

-Den dyre straumen gjer at det er stor interesse for solceller, opplyser Bøe.

Han har sjølv planar om å montera solceller på hønsehuset sitt på Fogn.

-Eg tvilar på at straumprisen nokon gong kjem tilbake dit han ein gong var. Og ser me langt fram er solceller eit absolutt interessant alternativ, meiner han.

Solceller i staden for takpanner

Dess høgare straumforbruk, di meir svarar det seg å investera i solceller, meiner Birger Bøe.

-Til dømes har tomatpakkeriet på Fogn stort behov for straum om sommaren og i varme periodar til kjøling. Då fungerer solceller veldig bra, seier Bøe.

Han meiner også at folk som vil skifta tak godt kan vurdera solceller.

-Då slepp du takpanner, påpeikar han.

-Er det ei dyr investering?

-Kva er dyrt, så lenge straumprisen er så høg som nå svarar det seg. Men sjølvsagt mest der straumforbruket er høgt. Solceller har ein garanti på 20 år, og er garantert å produsera 80 prosent av nye solceller. Viss straumprisen er over ei kroner, svarar det seg, meiner han.

Solceller under montering av BB Elektro.

Bønder kan få tilskot

Solceller produsererer mest i sommarhalvåret, og det er spesielt ved kjøling og lufting at solceller er eit godt alternativ, meiner han.

-Gardsbruk får dessutan tilskot frå Innovasjon Norge til montering av solceller, opplyser Birger Bøe, som trur teknologien kjem til å utvikla seg.

-Med tida kan det bli billegare å lagra straumen i batteri, då vil det bli endå meir interessant, trur han.

BB Elektro samarbeidar med Østhus Bygg og Maskin om montering av solceller.

-For tida er det to-tre månadar ventetid på montering, opplyser Birger Bøe.