Rørt til tårer over varmen og vennligheten på Finnøy

Anna Slynko og Oleksandra Savchuk var blant dei første flyktningane frå krigen i Ukraina som kom til Finnøy. Nå skal dei feira sin første jul på øya.

Anna Slynko og Oleksandra Savchuk har fått juletreet i hus på Berge på Finnøy.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Norge og Finnøy er den beste plassen me kunne ha kome, seier dei to venninnene frå Ukraina til Øyposten.

Begge blei rørt til tårer over den varme mottakinga dei har fått på øya. Då dei flykta frå krigen hadde dei bare med seg kvar sin ryggsekk, for dei var sikre på at krigen ville vera over på eit par veker.

Snart eit år etter pågår krigens grusomheter likevel for fullt i heimlandet deira.

-Det eg fryktar mest er at krigen skal bli langvarig, det vil vera forferdeleg, seier Anna Slynko.

Nå er dei trygt plassert på Berge på Finnøy saman med dei to barna sine, og prisar seg lukkeleg over at dei har kvarandre.

Oleksandra Savchuk er glad at ho og sonen Arsenii kan bu trygt på Finnøy.

Verste vinteren sidan andre verdskrigen

-Me har vore venninner lenge. Det er utruleg godt å ha nokon å dela sorger og gleder med, det ville nok vore vanskelegare om me hadde vore åleine, seier dei.

Dei ringjer heim til sine kvar dag, for å høyra nytt.

-Av og til kan det ta veker før me får kontakt med venner og kjente, det er fælt, seier Oleksandra Savchuk, som kjem frå Kyiv-distriktet.

Heime i Ukraina har dei familie og venner. Anna Slynko trur denne vinteren vil bli den verste i heimlandet sidan andre verdskrigen.

-Eg tenkjer mest på dei som har små barn, og sit utan varme og lys. Korleis skal dei få varma maten til dei små, seier venninna.

Vanskeleg påske

I Ukraina dreiv Anna butikk kor ho selde barneklær, mens Oleksandra var konditor. Ho er frå vest i landet. Nå går dei på språkopplæring i Johannes læringssenter. Anna jobbar to dagar på Oljemuseet i Stavanger mens Oleksandra jobbar i Hagatoppen barnehage. Barna går på skulen på Finnøy.

-Påsken var veldig vanskeleg for meg, seier Anna Slynko.

-Heime i Ukraina er påsken ein stor familiefest, og eg sakna familien veldig. Det kjem eg nok til å gjera med jul også, men me skal vera saman med venner og kjente frå det ukrainske miljøet på Finnøy. Dessutan skal Utsyn stella til fest for oss, seier ho.

Begge er veldig takknemlige for den mottakinga dei har fått på Finnøy.

-Me kunne ikkje kome til ein betre plass. Her er det trygt og godt, og me er blitt veldig godt tatt i mot. Folk gir oss vinterklær, og me har fått hus å bu i. Me er så takknemlige, seier dei to kvinnene.

Huset dei bur i har dei fått låna heilt gratis av Kristian Berge Nessa.

Tre julefeiringar

I Ukraina fylgjer julefeiringa den ortodokse kyrkja, og jul blir høgtida 6. januar. Men ifølge dei to veninnene er det også mange som feirer jul 25. desember.

-Me kjem til å feira jul tre gonger, ler dei. St. Nicholas-dagen 19. desember, 25. desember og 6. januar, seier dei to lattermildt. Og alle tre gongene er det gåver til barna.

Julaftan kjem dei til å vera i lag med venner og landsmenn på Finnøy. Totalt er det over 30 ukrainske flyktningar, barn og vaksne på Finnøy.

Begge dei to veninnene vil gjerne venda tilbake til heimlandet sitt igjen, så snart det blir fred i landet.

-Men eg må nok begynna heilt på nytt. Det er ingen ting igjen av butikken min, seier Anna Slynko.

Publisert: