Dorrit Vignes er valt inn i bispedømerådet

Finnøybu Dorrit Vignes er valt inn som eitt av sju leke medlemmer i Stavanger bispedømeråd.

Dorrit Vignes (38) stod som nummer to på Open folkekyrkjes liste til bispedømevalet.
Publisert:

Resultatet frå valet til Stavanger bispedømeråd er klart. Her er dei sju leke medlemmene som går inn i rådet:

  • Helene Breivik Hellerdal, Åpen folkekirke
  • Brit Nelly Ness Tveit, Nominasjonskomiteens liste
  • Therese Egebakken, Frimodig kirke
  • Magne Hersvik, Bønnelista
  • Dorrit Vignes, Åpen folkekirke
  • Kristine Brunvathne Bjerkestrand, Nominasjonskomiteens liste
  • Eirik Faret Sakariassen, Åpen folkekirke

– Veldig stas. Eg ser fram til arbeidet, seier finnøybu Dorrit Vignes til Øyposten.

Krevjande fellesskap

Vignes har lagt ut denne utdjupande kommentaren på Facebook:

«Noko av det fine og krevjande med Den norske kyrkja er spennet i medlemsmassen. I kyrkjebenkene har ein dei som får gåsehud av orgelspel, og dei som får allergisk stresseksem av same musikk. Dei som bruker kyrkjebygget som sin andre heim, og dei som sjeldan er der. Dei som bed til Gud i smug, og dei som frimodig forkynner trua. Dei som får vondt i magen av regnbogeflagg, og dei som kjenner tryggleik av å sjå same flagget i Kyrkja.

Og alle menneska i mellom, som ikkje fell inn i nokre av kategoriane skissert opp her. Det er både eit godt og slitsamt fellesskap. Litt som familiar ofte er. Eg gler meg til å representere dette flotte – og til tider krevjande – fellesskapet.»

Vignes stod som nummer to på lista til Open folkekyrkje, og denne organisasjonen fekk inn tre medlemmer. Vignes har i inneverande periode vore soknerådsleiar i Hesby sokn, og ho er òg valt inn i det nye soknerådet.

Ti til saman

Forutan dei sju leke har Stavanger bispedømeråd desse medlemmene:

  • Lek kirkelig tilsett: Jarle Stokka (valt av dei tilsette)
  • Prest: Dag Tormod Milje (valt av prestane)
  • Biskop Anne Lise Ådnøy er fast medlem i bispedømerådet og sto ikkje på val.

Landets elleve bispedømeråd utgjer det årlege Kyrkjemøtet, som er det øvste organet i Den norske kyrkja.

Her er resultatet frå valet av leke medlemmer til Stavanger bispedømeråd:

NamnFødtStillingOrganisasjonMandat
Medlemmer
Helene Breivik Hellerdalf. 1983AdjunktÅpen folkekirke1.Mandat
Brit Nelly Ness Tveitf. 1962FamilieterapeutNominasjonskomiteens liste2.Mandat
Therese Egebakkenf. 1998StudentFrimodig kirke3.Mandat
Magne Hersvikf. 1954Daglig lederBønnelista4.Mandat
Dorrit Vignesf. 1984KvalitetsleiarÅpen folkekirke5.Mandat
Kristine Brunvathne Bjerkestrandf. 1984RådgiverNominasjonskomiteens liste6.Mandat
Eirik Faret Sakariassenf. 1991FolkevalgtÅpen folkekirke7.Mandat
Varamedlemer
Ragna Ristesund Hultf. 1954Pensjonert kateketBønnelista1.Vara
Tor Kjell Mosakerf. 1952PensjonistBønnelista2.Vara
Olav Magnus Lundøf. 1955HMS-rådgiverBønnelista3.Vara
Tora Himle Holtaf. 1998VeterinærassistentBønnelista4.Vara
Knut Alfsvågf. 1955ProfessorFrimodig kirke1.Vara
Terese Bue Kesself. 1961StudielederFrimodig kirke2.Vara
Tobias Lienf. 1996StudentFrimodig kirke3.Vara
Bjørn Stornesf. 1968LagermedarbeiderFrimodig kirke4.Vara
Willy Finnbakkf. 1958BondeNominasjonskomiteens liste1.Vara
Geir Skeief. 1954ProfessorNominasjonskomiteens liste2.Vara
Camilla Mariann Skjældal Cazonf. 1996StudentNominasjonskomiteens liste3.Vara
Atle Blomgrenf. 1970SeniorforskerNominasjonskomiteens liste4.Vara
Janne Birgitte Uelandf. 1997ArealplanleggerNominasjonskomiteens liste5.Vara
Arne Jon Myskjaf. 1952Rådgiver/pensjonistÅpen folkekirke1.Vara
Geir Helge Waalerf. 1982FastlegeÅpen folkekirke2.Vara
Marianne Meling Kvamsøef. 1994BioingeniørÅpen folkekirke3.Vara
Gyrid Espelandf. 1953PensjonistÅpen folkekirke4.Vara
Hanne Randulff Steinf. 2000StudentÅpen folkekirke5.Vara
Finn Alexander Johnsen Clementsenf. 1977BarnehagelærerÅpen folkekirke6.Vara
Publisert: