Laber interesse for kyrkjevalet hos ungdommen

Kyrkja i Finnøy hadde fredag kveld opna for førehandsstemming til kyrkjevalet på Open Hall i Fleirbrukshallen.

Hedda Karin Talgø Klakegg stemmer for første gang. Journalisten hadde håpa at andre ungdommar også ville stemme så ho ikkje trengde å intervjue si eiga dotter, men det var faktisk ingen andre ungdommar som valde å nytte stemmeretten sin.
Publisert:

Open Hall er eit tilbod for ungdomsskule- og vidaregåande elevar, og det er kyrkja som også står bak arrangement. Difor var det praktisk for dei å tilby førehandsstemming også her.

Valfunksjonærer var Heidi Sangedal og Brenda Talgø.

– Me er usikre på kor mykje ungdommen veit om kyrkjevalet, og om de i det heile tatt veit at dei har stemmerett her allereie det året dei fyller 15 år. Dei får nok meir informasjon om dei politiske vala gjennom skulen, seier Heidi Sangedal.

Totalt 202 personar hadde innan fredag kveld førehandsstemt.

Interessa hos ungdommen var heller laber. Berre ein ungdom valde å avlegge førehandsstemme ved Open Hall. Dette var 16 år gamle Hedda Karin Talgø Klakegg. Ho er dotter av journalisten, må nemnes. Men ho har klare meiningar om kvifor det er viktig å stemme ved kyrkjevalet.

– Dette er første moglegheita me ungdommar har til påverke samfunnet. Eg synest det er kjekt å få lov til å vere med å bestemme. Dei som ikkje gidder å stemme, treng heller ikkje å klage over korleis kyrkja er, til dømes om kyrkja ikkje aksepterer likekjønna ekteskap eller om dei godtar abort. Ein bør stemme på nokon som står for det same som ein sjølv står for, seier ho.

Sangedal seier at dei kanskje burde kome innom for to veker sidan og informert om førehandsstemminga.

– Då hadde kanskje ungdommane fått tid til å tenkje seg om, og kanskje nokon då ville stemt. Me er i alle fall glade for alle som tek seg tid til å stemme, anten dei er unge eller gamle, legg ho til.

Elles var det ein del vaksne innom og avga stemma si. Både vaktar på Open Hall og Natteravnar nytta seg av moglegheita.

Nytt av året har vore moglegheita for å førehandsstemme digitalt. Rundt 10 prosent av dei røysteføre har førehandsstemt. Flest av desse har vore digitale førehandsstemmer.

Det vil framleis vere mogleg å stemme til kyrkjevalet på måndag, same tidspunkt som til kommune- og fylkestingsvalet.

Publisert: