Ønskjer tips om ungdomar som skremmer eldre og filmar det

Politiet nøstar opp i ein ukultur blant nokre ungdomar på Finnøy.

Politikontakt Svend Erik Ellingsen har sjølv sett filmar som skal vere laga på Judaberg av unge som skremmer gamle folk.
Publisert: Publisert:

– Me har fått tips om nokre gutar på Judaberg som tek seg inn i bustaden til eldre folk, skremmer dei og filmar det. Filmane legg dei ut på Snapchat, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen.

Han har sjølv sett nokre av filmane.

– Eg har vore i kontakt med Finnøy skule for å finne ut meir om kven dei er. Etter det me veit er det tre til fire gutar som er elevar på skulen.

I helga blei det lagt ut ei melding på Facebook frå ein innbyggar som er alvorleg uroa etter å ha høyrt om gutar i 10–12 års alderen som skal ha gått til åtak på ein mann i 80-åra på sykkelvegen mellom Judaberg sentrum og Kiwi. Den eldre mannen skal ha blitt slått og kasta ting på, ifølgje meldinga, som har blitt delt av mange i lokalmiljøet.

Politikontakt Ellingsen har òg lest denne meldinga, men veit ikkje noko meir om den konkrete episoden.

– Me vil unngå at dette er ein kultur som får utvikle seg, seier Ellingsen:

– Me nøstar opp i kven ungdommane er, og me vil kontakte foreldra. Elles vil politiet gjerne ha informasjon frå alle som veit noko.

Øyposten skreiv før sommaren om eldre i Fåfeltet som har blitt skremde av ungar som ringer og bankar på dørene og spring vekk.

Les også

Plaga av ungar som hamrar på dørene

Ein av dei som har opplevd dette er Harald Få.

– Eg kallar det toskeskap, seier Få:

– Dei har vore her og sett seg i hagemøblane. Dei har ringt på døra og stikke av. Dei har ikkje gjort noko direkte vondt hos meg, men eg lar meg ikkje skremme så lett heller.

Ein måte å varsle politiet er å søke opp Politiets nettpatrulje Sør-Vest med taggen @politisorvest på Facebook.

Publisert: