Nå blir det julelyst i sentrum
Det går mot mørkare tider, men ikkje i Judaberg og Vikevåg sentrum.
Fredag morgon var utemiljøetaten ute med lift og hang opp bort imot ein halv kilometer med lyslenker i den hardt kylla alleen gjennom Judaberg sentrum. Seinare kjem dei tilbake for blant anna å henge opp hjarter i dei store bjørkene nærare innbyggartorget.
Vikevåg sentrum skal allereie ha fått rikeleg med julelys.
Julegrantenninga både på Judaberg og i Vikevåg blir søndag 3. desember, første søndag i advent.
– Julegrantenninga på Judaberg blir massiv i år, fortel innbyggarkoordinator Oddvar Vignes:
– Det blir søndagsopne butikkar, korpset spelar og både nissen og varaordførar Henrik Halleland kjem.
Han stod og prata med folka frå utemiljøetaten då Øyposten kom forbi i grålysinga fredag. Fleire opplysningar og detaljar om julegrantenninga kjem me tilbake til.
I Vikevåg blir det graut og underhaldning i Meieriet etter at grana er tent. Der vil dei freiste å unngå kollisjonar med grendelaga sine lystenningar i år slik at heile kommunedelen kan samlast i Vikevåg.