-Korleis kan rutene bare bli endra utan at nokon får vita om det, undrar Svein Egil Skartveit.|Svein Egil Skarveit får ikkje ruteopplegget til å gå saman.

Av Rune Nedrebø,

HALSNØY: Endringa kom som ei stor overrasking på halsnøybuen.

-Dette visste me ingen ting om før Øyposten tok kontakt, informasjonen om endringa har vore heilt elendig, seier Skartveit til Øyposten.

Skartveit jobbar som rådgjevar i Tine, bur på Halsnøy, og er ofte på jobb både i Suldal, Hjelmeland og Strand. Då er han heilt avhengig av at rutene mellom Hjelmeland-Nesvik og Ombo korresponderer med Finnøysambandet for å koma seg til og frå jobb.

Endringa som nå er gjort i Hjelmeland-Nesvik-Skipavik sambandet gjer at dette ikkje blir så enkelt lenger.

- Eg skjønar ikkje at det går an å over natta endra ferjerutene slik at dei skaper store problem for pendlarruta om morgonen, og spesielt om ettermiddag, seier Skartveit til Øyposten.

Må kutta arbeidsdagen

-Det er flyttinga av avgangen som er på Ombo klokka 16.15 som skaper klart mest trøbbel, både for jobb og fritid. Eg må kutta arbeidsdagen med 40 minutt om ettermiddagen, dersom eg skal reisa heim via Nesvik. Når ruter skal justerast, burde det vore opplagt å ta hensyn til pendlarane, seier Sven Egil Skartveit.

Skartveit er også blant dei mange frå øyane som har hytte i området Suldal-Røldal. Bare på Halsnøy er det rundt 1o familiar som har hytte der, og totalt i Finnøy og Rennesøy kan det dreia seg om godt over 30.

For desse har avgangen frå Judaberg klokka 15.35 hittil passa godt med når ferja går frå Skipavik. Då har dei hatt tilstrekkeleg med tid frå Eidssund til å nå ferja på Skipavik. Men etter endringa går ferja fem minutt etter at Finnøyferja har kome til Eidssund.

Folk kan reisa med avgangen før, halv tre, men det passar dårleg for dei som står i full jobb. Og i denne avgangen er det bare 10 minutt til ferja går frå Skipavik.

Fryktar råkjøring for å nå ferja

-Eg fryktar resultatet av endringa kan bli mykje råkjøring over Ombo. Det er ei farleg strekning, kor det ofte kan vera glatt, og kor eg sjølv har måtta bråbremsa mange gonger for hjort og rådyr i vegen, seier Skartveit, som tykkjer det er heilt uhaldbart at folk frå øyane må bruka opptil to-tre timar heim frå hytta søndag kveld på grunn av endringa.

Også om morgonen er avgangen frå Ombo til Hjelmeland blitt endra med fem minutt, slik at han har eit kvarter på seg frå Eidssund til Skipavik. Det går akkurat, men ikkje om vinteren, når det kan vera glatte vegar.

Svein Egil Skarveit får ikkje ruteopplegget til å gå saman. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Han peikar også på at det blei lagt ned eit stort arbeid for å endra morgon avgangen til Eidssund i åtte-tida, for at den skulle passa betre med ferja frå Skipavik.

-Nå endrar dei avgangen frå Skipavik med eit pennestrøk. Koss går det an, spør Skartveit, og lurer også på om Kolumbus, som har ansvaret for Finnøy-sambandet, og Statens Vegvesen, som har ansvaret for Hjelmeland-Nesvik-Skipavik, snakkar saman i det heile tatt.

-Eg håpar inderleg at dette ruteopplegget kan sjåast på ein gong til, slik at det blir brukande både for folk som pendlar og hyttefolket, seier Svein Egil Skartveit.