Kø av foresatte og barn som skulle forsyna seg frå påskefrokosten i oppvekstssenteret på Sjernarøy.|Line Sofie Nedrebø Breivik og Malin Norheim Tuca stemmer i under allsongen.|Hanne Vasshus akkompagnerte under allsangen.|Ida Landsnes og Dan Tandrevoll saman med dottera Emilie Landsnes Tandrevoll var blant dei som møtte fram til påskefrokosten.||Jenny Aartun Norheim hjelpte til med eggerøra under førebuinga til forkosten.

SJERNARØY: Det er første gang det blir dekka opp til frokost på oppvekstsenteret, og både skulebarn og barnehage pluss foresatte var invitert.,

Presis klokka 0800 kunne lærar Hanne Vasshus ynskja velkommen til bords, og den rikhaldige buffen bestod både av sunn og god mat. Til og med kaker var det på bordet.

Ida Landsnes og Dan Tandrevoll saman med dottera Emilie Landsnes Tandrevoll var blant dei som møtte fram til påskefrokosten. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Det var FAU på skulen som stod for oppdekkinga, og borda var pynta med gule påskelys og serviettar.

-Det blir aldri feil med ein god frokost. Eit veldig godt tiltak, seier Ida Landsnes, som var på frokosten saman med mannen Dan Tandrevoll.

Gymsalen på oppvekstssenteret begynte å fyllast opp litt etter kvart, og til slutt var det ganske fullt rundt borda kor drøsen gjekk godt.

Hanne Vasshus akkompagnerte under allsangen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me har låge skuldrar i dag, folk får koma når dei kan, seier Vasshus til Øyposten.

God mat og godt samvær er ei god oppskrift på ein vellukka start på påskeferien, meiner ho.

På programmet under frokosten stod allsang, pluss sang av elevane. Sidan påsken står for døra, var det også opplesing frå Bibelen frå påskeevangeliet.

Line Sofie Nedrebø Breivik (t.v.) og Malin Norheim Tuca stemmer i under allsongen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

I tillegg til frokosten, fekk alle barna også påskeegg. Dessutan kom påskeharen på besøk i barnehagen.

Dagen før hadde heile skulen vore på bytur, og besøkt både barnemuseet, oljemuseet og Stavanger kunstmuseum.

-Me vil gjerne at barna skal bli stolte over skulen dei går på, seier Hanne Vasshus.

Jenny Aartun Norheim hjelpte til med eggerøra under førebuinga til forkosten. Foto: FOTO: Rune Nedrebø