Lofotfiske: Tok kvoten på 10 dagar

Me har vore her i 10 dagar og alt har klaffa. Fantastisk fiske, godt vêr vær og kjempegode prisar. Lofotfiske blir ikkje betre enn dette.

Desse karane gjorde unna årets lofotfiske i rekordfart. F.v; Børge Harestad, Tor Bernhard Harestad, Helge Bjørnestad og Frank Eriksen.  Foto: Privat.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

LOFOTEN:

Tor Bernhard Harestad og mannskapet hans brukte berre 10 dagar på å fiske heile kvoten på 15.5 tonn, og var såleis blant dei fyrste som fiska kvoten ferdig.,

- Eg trur dette må vera tidenes lofotfiske, eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong har reiset heim med ein slik god følelse, fortel Harestad på telefon ifrå Bodø.

Feira med baguetter og rekesalat

Når me snakkar med Harestad er fiskebåten er trygt forvart om bord på lastebåten som skal frakta den heim igjen til Bru, og dei sjølve på veg til flyplassen i Bodø. I ettermiddag landar flyet på Sola.

- Me hadde ein fantastisk tre timar lang tur om bord på vestamaranen over Vestfjorden i dag tidleg. Me feira fangsten med god kaffi og baguettar med rekesalat. Det var ei flott oppleving

- Du har sagt at dette skulle bli det siste lofotfiske, har du ombestemt deg no?

- I fjor var det mykje dårleg vêr, og prisane var låge, det er ein kombinasjon som ikkje er spesielt oppløftande. Det var då eg tenkte at fjorårets tur var den siste. I år ligg prisen på 39 kroner per kilo mot 25 kroner i fjor, så det er klart at gode prisar er ein motoivasjonsfaktor. Så hjelper det sjølvsagt med godt vêr, og ein fantastisk gjeng om bord. Det var berre ein dag me ikkje gjekk ut, elles var vêret heilt greitt. Og når då fangsten er god i tillegg, blir dette veldig bra. Siste dagen drog me i land 4,5 tonn fisk. Me slike gode opplevingar skal du ikkje sjå vekk ifrå at det kan bli ein tur til.

Kaffi-torsk

- Og så fekk de damebesøk undervegs?

- Ha, ha. Ja, det var stas. Eg fekk gitt Elin ein knib på fiskebrettet midt på Vestfjorden, det var ei ny oppleving. Det var kjekt med besøk om bord, sjølv om me politisk ikkje tilhøyrer same parti, klarer me oss godt saman, ler Harestad.

Fiskegjengen frå Bru var knallheldige og fekk ein torsk på 32 kilo, ein såkalla kaffi-torsk. Begrepet oppstod i 1958 og stammar frå Lofotposten, som deler ut ein pose kaffi og diplom til alle fiskarar som melder inn torsk på minimum 30 kilo i det årlege sesongfiske ved Lofoten. I tillegg får dei heldige fiskarane bilete og omtale i lokalavisa Lofotposten.

Publisert: