Arbeidet med den nye, store trafoe'en til sjukeheimen er i god gang.||Dei raude strekene viser den nye trasèn for vatn -og avløp. |Arbeidet med utgraving av tomta til sjukeheimnen begynner i førsten av mai.|Dei raude strekene viser den nye trasèn for vatn -og avløp.

FINNØY:

Omlegging/ny vatn -og avløpstrase som går over fylkesvegen på nedsida av parkeringsplassen utanfor sjukeheimen, vil føra til omlegging av trafikken gjennom Judaberg i ein periode.,

- Me vil sjølvsagt prøva å gjera denne prosessen så fort og skånsam som mogleg. Det skal leggast ein vassledning i veggen mot hovudvegen på Coopen som gjer det nødvendig å stenga vegen medan arbeidet pågår. Når hovudvegen blir stengt vil parkeringsplassen over bli brukt til omkøyring. Her pågår kartlegging av fleire moglegheiter. Når arbeidet  pågår må parkeringsplassen flyttast og då ser me føre oss at området ved den gamle ferjekaia kan vera eit alternativ, opplyser byggeleiar Torry Mikalsen.

Arbeidet med utgraving av tomta til sjukeheimnen begynner i førsten av mai. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

,-

Kor lang tid vil ein måtte leva med denne situasjonen?

- Det er eit ganske omfattande arbeid som vil ta nokre veker, utan at eg kan sei eksakt kor mange. Me ønskjer sjølvsagt at dette arbeidet skal gå så effektivt som mogleg og med minst mogleg ulempe for alle som ferdast i sentrum.

Parallelt med vatn -og avløpstraseen frå Coopen vert det planlagt oppstart av gravinga av den nye sjukeheimstomta.