Kraftig skuffa over at det ikkje blir gratis ferje

Det blir ikkje gratis ferje i Finnøysambandet frå 1. juli, og det er usikkert når det kan bli. Sp-politikar Birger W. Hetland er kraftig skuffa, og syns det er akkurat nå er vanskeleg å fronta partiet.

Birger Hetland var med og fronta nyheten om gratis ferje i Finnøy-sambandet. Nå er han kraftig skuffa.
  • Rune Nedrebø
Publisert:

FINNØY: Gratis ferje i Finnøysambandet frå 1. juli, blei lova med brask og bram frå regjeringspartnar Senterpartiet.

-Sp leverer i regjering, var budskapet.

Men nå viser det seg at det likevel er usikkert når dette kan skje.

Leiar i fylket sitt samferdselsutval, Ole Ueland (h) skriv i ein SMS til Øyposten at det er kome mindre pengar til ordninga, enn det som «var ynskjeleg og venta».

Om Finnøysambandet dermed blir gratis, er dermed usikkert. Samferdselsutvalet i fylket skal ta stilling til saka 7. september, og det er foreløpig ikkje klart kor mykje pengar fylket får til gratis-ferjer.

-Så det vil bli ei vurdering av kva samband som skal bli gratis først, melder Ueland.

Sp-politikar Birger W. Hetland legg ikkje skjul på at han er skuffa. I ein epost til partikollegar kritiserer han skarpt avgjerda, som han meiner er eit stort tillitsbrot.

Nyheten kom som ei stor overrasking på Hetland, som akkurat nå syns det er vanskeleg å fronta partiet.

Hetland viser mellom anna til at gratis ferje ville vore eit lite plaster på såret for at Finnøy kommunedel fekk auka arbeidsgjevaravgift.

Lars Martin Hetland, som er dagleg leiar på Grieg Seafood sitt slakteri på Helgøy, ser det humoristiske i situasjonen.

-Det er litt festleg at løftet om gratis ferje, som Sp fronta som ein seier i regjeringa, nå endar som eit mageplask, seier Hetland, som i tillegg til å vera sjef på slakteriet, også er bror til Sp-politikar Birger W. Hetland.

Slakteri-sjefen synes likevel at det er dumt at det ikkje blir gratis ferje i Finnøy-sambandet, som det blei lova.

-Det er betydelege summar til fraktutgifter frå slaketriet på Helgøy, som andre kanskje ikkje har, påpeikar han.

  1. Senterpartiet