Torstein Repstad Spanne liker skog og alt som har med tømmer å gjera. Han har drive hobbyen sin i mange år, og no tek han den eit hakk vidare.

Korleis kan ein utnytta tømmerstokkane best mogleg? Det er blant anna eit tema som skal diskuterast på tømmerpraten laurdag 18.juni.

– Det er mykje spennande det går an å snakka om når tømmerstokkar blir omgjort til materialar. Her er mange ulike behov og ønskjer. Siste månaden har det vore fleire kundar som har kjøpt plank for å laga eigne matbord.

For litt sidan investerte Torstein i ein ny og moderne sagbenk. På den måten representerer den saga ei ny tid på bruket. Han har lova å demonstrera bruken av den.

Skreddarsaum

– Den nye saga gjer at eg kan jobba meir effektivt og såleis få jobben unnagjort fortare.

Kven er det du lagar materialar til?

– Det er mange som treng spesialdimensjonar til spesielle konstruksjonar som ein ikkje får kjøpt i byggjevarebutikkar. Eg skreddarsyr materiala alt etter kva kundane ønskjer. Folk kan komma med eigne tømmerstokkar og få dei omgjort til materiale eller dei kan kjøpa materialar av meg. Sjølv tykkjer eg det er meir interessant å nytta eigne materialar no midt oppi det grøne skifte, seier Torstein Repstad Spanne.

T