Konfirmasjonar var det, sjølv om det var krig. Dette biletet er av konfirmantar frå Finnøy og Fogn utfor Bethel i 1943. Første rekke frå venstre: Ågot Eskeland, Astrid Mjølsnes, Magdalene Vignes, Solveig Austbø, Magnhild Mjølsnes, sokneprest Berh. Viste, Aslaug Sevheim, Valborg Tveit, Gunhild Åsland, Borghild Sandanger og Borgny Trevland. Andre rekke frå venstre: Sigmund Landa, Magne Utheim, Knut Olav Strømme, Magnhild Runestad, Frida Sandanger, Solveig Runestad, Per Vestbø, Johannes Rørvik og Nils S. Reilstad. Tredje rekke frå venstre: Jone J. Runestad, Trygve Vatland, Nestor Eike, Einar Reilstad, Harald Kindingstad, Teodor Opsal, Karl Johan Rosenvold, Karsten Simonsen og Gabriel Berge. |Innkallingskortet til arbeidstenesta.|Rsjoneringskort var ein del av kvardagen under kringen.|Frå tyskerfortet på Vignes under krigen.

Av Einar Reilstad,

FINNØY:

Dei kalde vintrane førde til at mest alle som hadde innlagt vatn miste dette. Vatn til folk og fe måtte transporterast til hus og fjøs.,

Heilt til påsketider gjekk me på ski på Bergevarden. Sume tider var det så mykje snø at me rann over steingarden og ned på stemmen nedanfor. Ei snøfonn utanfor huset vårt gjorde teneste som kjøle/fryseskap.

Einar Reilstad har skrive om livet på Finnøy under den tyske okkupasjonen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Nådesundet vart islagt slik at mannskap og andre kunne gå på isen til båtane "Oksøy" og "Grip". Her vart det arrangert skeiseløp der Kristen Berge og Hjalmar Fugledal kjempa om førsteplassen.

Det var forbode å feira 17.mai. I mindre målestokk vart dette likevel markert/feira. På ein liten fotballbane i utmarka til Johs. Mæland vart det halde leiker med premieutdeling av gaffelbitøskjer frå fabrikken hans. Han spela også trompet til songane.

Flystyrt ved «Kjerringa»

Tyskarane trong metall til krigsmateriell. Det vart henstilt at alle skulle samla/ta vare på alt metall, endåtil tome tannkremtuber. Alle norske myntar vart smelta om og erstatta med jernmyntar og ein- og tokrone setlar (raude og grøne) som gjekk under namn "usling" og " Quisling".

All koking, baking, klevask og oppvarming føregjekk med ved og torv frå torvmyra. Ein dag me var der for å henta torv, høyrde me flydur og smell/ skyting mellom to fly over oss. Brått braut det eine flyet skydekket og gjekk i spinn med ein svart røykhale bak seg. Dette var engelsk og fall ned i sjøen ved "Kjerringa" utanfor Lauvsnes/Roda. Begge ombord omkom.

Då det var flyangrep over Stavangerområdet, sprang me opp til ein bakketopp der me kunne sjå skytinga frå det tyske luftvernet. Det vart bruke sporlysammunisjon og dette såg ut som lysa på eit juletre.

Pass for å reisa i Rogaland

Ein dag såg me ei samling på 10-20 engelske bombefly som var på veg frå aust mot vest. Til helsing breidde me ut eit stort norsk flag på marka. Seinare fekk me vita at flya kom frå ei bombetokt over Vemork-fabrikken på Rjukan, kor det blei produsert tungtvann. Tungtvatnet ville tyskarane bruka til å prodera atomvåpen.

Alle vaksne måtte ha grensebuarbevis som var ei form for pass. Dette gav ein rett til å ferdast innan Rogaland fylke. Skulle du reisa ut av fylket måtte det søkjast ekstra løyve til denne reisa.

Parafin til lampane var det, som til all anna olje, rasjon på. Sidan rasjonane var små, kjøpte nokre spesielle lykter/lampar med karbidgass som gav godt lys. Eldre folk kjende til at dette vart brukt i eldre tider.

Mørkt blei det, straks

Det vart gitt påbod om blending i alle hus. I dette høvet føretok tyskarane kontroll og såg om denne var tilfredstillande. Ein kveld fann nokre ungdomar på at dei ville gjera eit lite "spikk". Utafor eit hus, der det ikkje var blenda, trampa dei kraftig i steinhellene utafor og ropa høgt; "blendung". Kona i huset vart så forfjamsa at ho i staden for å sløkkja lampen på vanleg vis, tok handa si og "sopte" den på golvet. Det vart straks mørkt i stova og ropinga slutta.

Bøndene vart pålagde leveringsplikt av t. d. korn, høy, halm, poteter, kjøt o.a. Dette førte mellom anna til at korn vart "lurt" unna og sendt til Fiskå Mølle eller Eidssund Mølle for maling til mjøl. Heimeslaktinga auka . Skinna vart selde eller garva heime. Langt på veg førde dette til naturalhushald.

Rasjoneringskort var ein del av kvardagen under krigen.

Mellom anna var tobakk rasjonert og mangelvare. Dette førte til at folk sådde frø, og då plantene var fullvaksne vart desse hengde opp til tørking. Deretter vart dei innleverte i Stavanger der tobakken vart produsert ferdig. Maksimalpris ved sal var truleg ca. 2 kroner pr. eske. Svartebørsprisen var mykje høgare. Tobakk og brennevin var populære varer ved bytehandel. I avisene var det eiga spalte for bytehandel.

I konvoi i Finnøyfjorden

Hagane til folk i byen vart nytta til dyrking av poteter, grønsaker og til kaninhald. Laurdagane reiste folk frå byen til bygdene for å få tak i ekstra matvarer – såkalla "hamstring". Det var tre slag prisar; normalpris, maksimalpris og svartebørspris.

Det vart selt cellulose i tjukke "papplater" som etter bløyting i vatn vart gitt til dyra. Ballane var i byrjinga 160 eller 200 kg, seinare 60 kg. Elles vart det lauva til dyrefor, særleg ask.

Det var berre nazistane som gjorde vanleg militærteneste. Ungdom elles vart innkalla til pliktig A.T.- arbeidsteneste. Her var det uniformsplikt og eksersis der ei spade vart brukt i staden for gevær.

Innkallingskortet til arbeidstenesta.

I Vikedal var det ein A.T.-leir der mange herifrå gjorde teneste. Arbeidet var skogshogst og grøfting. Det kom rykte om at det vart vurdert å senda desse ut i krigsteneste. Dette skapte uro og frustrasjon mellom dei som var inne til teneste. Bror min henta difor sivile klede som han plasserte hjå kjentfolk i Vikedal. Desse skulle nyttast ved eventuell flukt til skogs eller fjells.

På grunn av fare for bombing eller ubåtangrep gjekk dei tyske  konvoiane, til vanleg 8 -12 båtar, med eskorte. Då gjekk dei ikkje over Boknafjorden, men i Finnøyfjorden og vidare langs Nedstrandslandet. M/S Vindafjord vart søkt i Boknafjorden.

Konfirmasjon

Alle ferdsle på øya føregjekk til fots, sykkel eller med hest og kjerre. Av personbilar i drift var det berre ein på Vestbø, der drivstoffet var gass frå ein vedfyrt generator bak på bilen. Då eg vart konfirmert vart eg køyrd til kyrkja med hest og trille av Torvald Kindingstad.

Sidan alle tøyvarer var rasjonerte, brukte eg dressen og hatten som bror min hadde hatt i sin konfirmasjon. Ved overhøyringa stod jenter og gutar i alfabetisk rekkefylgje på kvar si side i midtgangen.

Frå tyskerfortet på Vignes under krigen.

Etter det eg hugsar var alle varer rasjonerte og til tider vanskelege å få tak i. Brødmjølet som var rasjonert var grovt og ikkje av god kvalitet. Folk med spesielle helseproblem fekk doktorattest som gav rett til å få kjøpt kveitemjøl. Dei fekk då raude rasjoneringsmerke. Nokre fekk også attest til kjøp av kvite fiskebollar. Folk med tungt arbeid kunne få ekstrakort.

Freden kom med glede

Det vart laga erstatningsvarer for mange slag varer. Desse var også tildels rasjonerte, t.d. kaffierstatning. Til erstatning for sukker var det nokre små tablettar såkalla sukettar. Sko vart laga med fiskeskinnsolar og overler av vove "tøystoff" som var av papirhyssing. Tresko trur eg neppe var rasjonert. Desse vart bruka av unge og eldre. Arbeidsklede vart også vove av papirhyssing. Jutesekkene vart erstatta av papirsekker. Sild og røykte pølser laga av fisk var neppe rasjonerte. Når du gjekk på kafè måtte du også bruka rasjoneringskort.

Det vart oppnemnd ei mengd med kommunale nemnder som skulle foreta fordeling av diverse varer t. d. brennstoff og maling/tjøre til båtar, ved til oppvarming og mange andre ting. Rasjoneringa på enkelte varer haldt fram fleire år etter at krigen slutta.

Dei som budde på landsbygda hadde det på mange måtar betre enn i byane.

Etter 5 lange år kom freden som eg minnest med glede. Ein av dagane var eg og mange andre med Garmann og Tanke Vignes med reketrålaren sin til Stavanger for å sjå feiringa der.

Den første engelske soldaten som kom til øya, vart frå ein bil nedanfor huset til M.B. Aas på Judaberg, helsa velkomen av Tor Huse Sveinsborg. Han var då lærar på realskulen på Finnøy.

Når det vert klaga over restriksjonane i samband med koronaepidemien trur eg det kan vera nyttig å ha i minne korleis det var i krigsåra.