Korona og influensa gir utfordrande dagar på Sentralskulen
Torsdag var behovet for vikarar 15 på sentralskulen, fredag var det behov for 11. Det er stort fråvær blant lærarar på skulen på grunn av korona, men og på grunn av vanleg influensa og andre ting.
- Oddbjørg Måland
FINNØY - RENNESØY
: - Det er «berre» tre av lærarane som er koronasmitta akkurat no, men mange har sjuke born og må vera heime av den grunn. Det er ikkje til å legga skjul på at skulekvardagen er utfordrande når så mange lærarar er vekke samtidig, opplyser rektor Bente Tjelta.,
Ho seier at fleksible lærarar som strekk seg langt og faste ringevikarar gjer at hjula går rundt.
- Me har kutta ned på alt som ikkje er heilt nødvendig, men samtidig passa på å oppretthalda forsvarleg undervisning. På den måten har me komme oss gjennom ei krevjande tid med mykje logistikk.
På rett veg
Mellom 70 og 80 prosent av elevane ved skulen har hatt korona, samt ein god del av lærarane.
- Eg trur me er over toppen no, i og med at så mange allereie har hatt korona. Talet på lærarar som er vekke er også synkande, så det er grunn til å håpa. Det skal bli godt å få kvardagen tilbake igjen, avsluttar rektor Bente Tjelta.
Også på Rennesøy skule er det grunn til å tru toppen er nådd.
- Ja, eg meiner det. I dag er det faktisk ingen vikarar på skulen, alle lærarane er på plass. Så dette er tilnærma ein normal dag. Me hadde toppen tidlegare i veka og dei to føregåande vekene. På det meste var fem lærar vekke samtidig, og berre 7- 8 elevar igjen i enkelte klassar. Heldigvis har me sleppe både digital undervisning og halve skuledagar. Eg trur me er i ferd med å oppnå flokkimmunitet på Rennesøy, seier rektor Erik Nielsen.