På sørsida ved dieselpumpene til Coop Byggmix si lageravdeling på Judaberg, sto sjøen over kaikanten inn mot veggen på lagerbygget .Båtar som låg fortøyd låg såleis heilt i plan med kai-og bryggeoverflata. Men sidan det var svært lite vind og sjø,blei båtane liggjande i ro.,Slik var også situasjonen nede i båthamna i Steinnesvåg, der sjøen alt ved midnatt skylla innover brygge-og kaiområdet.,

I 5-tida onsdag morgon, då flaumen var meldt å skulle vera på det høgaste, var vannstanden likevel gått betydeleg tilbake.Og både i Steinnesvåg og på Judaberg hadde forholda normalisert seg.Den varsla stormen og sterke vinden,ser også ut til å ha glimra med sitt  fråvær.

Etter det Øyposten kjenner til, er det heller ikkje meldt om skader av noko større omfang som ein følgje av springfloa. Også båttrafikken i Ryfylkebassenget burde ha forhold som tilseier at trafikken skulle gå som normalt no i morgontimane.