Arne Rørheim  på Rosså på Ombo er i god gang med vedmaskinen. Den både kappar og kløyver i ein operasjon, og gjer at den delen av arbeidet går lett unna. 10-15 famnar reknar han med skal gjennom maskina.,

-Me har fire hus og ei hytte me skal forsyna med ved, seier Rørheim til Øyposten. På eine sida av vedmaskina ligg det ein heil haug med oppkløyvd bjørkeved, og på andre sida ein stabel med lange bjørkelorkar som ventar på tur.

-Det er far min som skal ha æra for dei stokkane, seier han. Faren, Adolf Rørheim heldt det i skogen i heile vinter til han måtte gi seg på grunn av hjertetrøbbel. Men til neste vinter reknar sonen med at han er i gang igjen.

Det er god trim å driva med ved, noko faren hadde igjen for då hjerta slo seg vrangt. Nå tek sonen over der faren slapp.

-Det er ein kjekk jobb å driva med ved viss været er bra. Men i vinter har det vore heilt elendig, eg trur ikkje eg kan hugsa maken. Markene er så blaute at det ikkje går an å kjøra på dei. Heldigvis kan me hogga ved langs vegen, for det har vore så ille at at veden helst bør kjørast heim med det same viss veret er bra, seier Rørheim.

Veden han jobbar med er til eige bruk. Den vert lagra i storsekk fram til sommaren og så kjørt inn under tak. Då er han klar til vinteren.

Vinter er ved-tid også for naboen Ola Solheim. Han har eit fint oppstabla la med bjørkeved.

-Det er godt å røra på seg litt, eg merker at eg blir fort stiv og stør viss eg er for mykje i ro. Det er alderen, seier Solheim, som tidlegare jobba i mange år som matros i Jøsenfjord-selskapet.

Nå har han vore pensjonist i mange år, og vedhogst er fast rutine kvar vinter.

-Eg held meg sjølv med ved, her er det nok å ta av. Men i vinter har det vore så mykje regn og ruskevær at det mest ikkje har vore uteverande, seier han.