Sp: Flytting ikkje i tråd med eit levande Vikevåg
Senterpartiet tek opp tilrådinga om å flytta biblioteket i Rennesøy frå Kulturhuset til kommunehuset, og meiner ei flytting «ikkje er i tråd med eit levande sentrum i Vikevåg».
RENNESØY:
Debatten etter møtet i styret for Sølvberget om bibliotek-flytting rullar vidare. Senterpartiets Bjarne Kvadsheim tek opp saka politisk neste veke.,
I eit spørsmål til utvalet for Kultur, idrett og samfunnsdialog, skriv Kvadsheim:
"Sølvberget KF har no i eit styrevedtak gått inn for å flytta biblioteket frå Kulturhuset Meieriet i Vikevåg til det gamle kommunehuset. Dette er gjort som eit innsparingstiltak i høve til budsjettet.
Samlokalisering av bibliotek, innbyggjartorg og frivilligsentral kan vera ein god ting. Det styrande fleirtalet i Stavanger er samde om at innbyggjartorget på Rennesøy skal plasserast på kaiområdet i Vikevåg. Dersom biblioteket blir flytta til det gamle kommunehuset, vil kulturhuset bli ståande som eit tomt hus mest utan aktivitet. Det er veldig trist for folk i Rennesøy som er glade i dette huset og har lagt ned svært mange dugnadstimar her. Det er heller ikkje i tråd med det som det tidlegare kommunestyret arbeidde for - eit levande sentrum i Vikevåg. Det er svært uheldig med ei flytting av biblioteket før framtidig plassering er bestemt.
Flytting vil elles innebere investeringskostnader på 700 000 – kor mykje er det tenleg å bruke på eit gamalt bygg som om ikkje lenge skal rivast?
Fellesnemnda bestilte ei moglegheitsstudie for plassering av innbyggjartorget. Det er viktig at det i denne studien blir sett på heilskapen i plasseringa av Innbyggjartorg, bibliotek og frivilligsentral for framtida. Skal dette plasserast i eit nybygg på kaien eller i kulturhusbygget?
Kulturhuset Meieriet i Vikevåg har i alle år vore drive i eit nært samarbeid mellom kommunen og frivillige, Meieriet AL. Arbeidet med å fornya samarbeidsavtalen er ferdig etter det vi kjenner til, men avtalen er ikkje underskriven.
Spørsmål:
1 Korleis er framdrifta for moglegheitsstudien som fellesnemnda bestilte?
2 Vil det i denne samanhengen bli sett på ei heilskapleg løysing for innbyggjartorg, bibliotek og frivilligsentral og lagt til rette for aktivitet i sentrum?
3 Når kan vi forventa at samarbeidsavtalen mellom kommunen og Meieriet AL blir underteikna?