Difor blir det i all hovudsak lag og foreiningar, og ikkje minst idrettslaga, som vil kunne ta Fleirbrukshallen og dei to hallane i kommunedelen Rennesøy i bruk til trening. Då er det sjølvsagt dei strenge retningslinjen til trening og eventuelle arrangement som Folkehelseinstituttet og styresmaktene har skissert, som skal vera retningsgivande.,Heller ikkje det nyrenoverte symjebassenget ved Finnøy sentralskule vil bli teke i bruk 1. juni  slik styresmaktene på generelt grunnlag har gitt løyve til.Her vil symjeopplæringa i regi av skulen først starta opp igjen ved skulestart etter sommarferien, får Øyposten opplyst.