Ryfylke Livsgnist er i gang igjen. F.v Helene Ringen Vestbø, Svanhild Eggebø Spanne, Tor Øyvind Skeiseid og Silje Vignes Flesjå. Foto: Kristofer Ryde.

Nedanfor kan du lesa kva som er tanken bak det nye konseptet,

-" Me ønskjer å gje folk smaken av Finnøy heile året. Så langt har me kanskje vore meir april-juni + august-oktoberfokusert, og med typisk grupper frå 20 til 50. Nå har me nettopp starta planane om å ta imot mindre grupper om sommaren, for å oppleva kultur, historie, mat, landbruk og formidling. Me i Ryfylke Livsgnist ønskjer å tenkja større og langsiktig. Me ønskjer at Finnøy, med sine særtrekk, kan vera ein attraksjon året rundt. Me vil løfta fram bøndene, råvarene og produkta, dei små verksemdene, dei historiske skattane, miljøet, kulturlandskapet, kunnskapen og engasjementet som me opplever er i finnøybuen. Me i Ryfylke Livsgnist tør å seia, i lag med Ryfylkekokken, at me skal vera spydspissen for å formidla ryfylkekulturen frå Finnøy, sett inn i ein spennande samanheng med Stavangerkulturen. Og løfta fram verdiar: Det ekte, det jordnære, det nøysame og det kreative"