Lagkonkurranse i "skiskyting" med ballkasting på blink med eventuelle strafferundar, var berre ein av MANGE aktivitetar på "Camp Finnøy" i sommar

-"Gøy på Finnøy" blei for mange slik me hadde håpa; Ei flott oppleving av mat, kultur, historie, landbruk og aktivitetar over tre lørdagar i august på øya Finnøy, står det å lesa i evalueringsrapporten.,Godt over 200 personar såg det historiske spelet både i kyrkja og i Tyskerhålene, og langt over 100 nytta høve til å få seg ein utsøkt lunsj basert på lokale råvarer frå Ryfylkekokken. Her er eit par tilbakemeldingar dei fekk i etterkant:,-"

Tusen takk for flott oppleving, ein minnerik dag, og familien samla på Finnøy. Så oppfinnsomt med kjempekjekke konkurrransar, luksus og løye. God info før og undervegs. Veit ikkje om noko som kunne vore annleis.Tyskerane på Vignes klarte å løsna snippen på alle.Og munken i kyrkja fekk løysa opp alt som måtte ha snørt seg til over lang, lang tid. Maken til førestilling. Det var berre så kjekke dag! Dåkke e FLINKE. Høg kvalitet"

"Tusen takk for en minnerik dag på Finnøy, og veldig kjekt å vinne noe også. Vi syns opplegget var veldig bra, gode skuespillere, mat og stemning"

-"De har hatt en super dag"

Tilbakemeldingane frå dei som deltok på Stavanger kommune sitt opplegg ,"Barnas Sommer", er også i all hovudsak gode. Også her gjekk Ryfylke Livsgnist offensivt ut og fekk 300 000 kroner i støtte til å gjennomføra,"Camp Finnøy", .Eit opplegg som Øyposten tidlegare har omtala. Også her er tilbaklemeldingane fra foreldra til mange av dei 250 barna som deltok, svært gode;

-"Så kjekt.Kjempeopplegg.Ekstra positivt at det var gratis sånn at alle kunne bli med!"

- "Dei hadde det altså heilt fantastisk, kjeme sjølvsagt tilbake neste år".

Sitat frå to jenter frå Rennesøy.

-"Vil bare takke for et flott tilbud og opplegg dere gir til barna. De har hatt en super dag".,-

-Slike tilbakemeldingar er sjølvsagt ekstra stas å få, seier Silje Vignes Flesjå i Ryfylke Livsgnist.,-Det var deltakarar frå heile Stavanger kommune. I underkant av halvparten var frå nåverande Finnøy kommunedel, resten var tilreisande av dei som deltok på "Barnas Sommer" og "Camp Finnøy".,

-Etter ein svært stille vår på grunn av Kovid 19, var det særleg stas å vera i full gong igjen. Difor er me også utruleg takknemleg for den støtta me fekk frå Stavanger kommune og Innovasjon Norge til å gjennomføra dette, og ikkje minst for at dei hadde tru på initiativet vårt, avsluttar dagleg leiar i Ryfylke livsgnist, Tor Øyvind Skeiseid.