|

- Det blir jo ei annleis 17.mai feiring i år, difor har me lagt oss i selen for å til eit opplegg som fungerer og som gir pengar i kassen til 7. klassingane, seier leiar i årets 17.mai komité, Anita Byberg Corneliussen.,

- Og korleis skal det føregå?

- Me kjem til å selja lodd,is og brus ved ferjekaia som er oppstillingsplassen for bilkortesjen. I tillegg blir det mogleg for dei som ynskjer å delta på ein skikkeleg 17.mai kahoot til 100 kroner per deltakar. Utlodding og premiering blir overført elektronisk på facebook seinare på dagen, fortel Anita.

Det er lokalt næringsliv som sponsar gevinstane til loddtrekninga som skal føregå på god gammaldags bedehusvis.

Tidlegare år har inntektene til klassekassen ligge på rundt 60 000 kroner.

Les meir om programmet og oppdateringar på facebooksida 17. mai 2020 – Finnøy.