Men måtte til slutt ta til takke med eit heiderleg 7-4 tap mot fjorårets vinnar av Obos-cupen, skriv Håvard Østhus i denne rapporten frå kveldens cupkamp på Fogn stadion.

Nivåforskjellen mellom laga var tydeleg alt i god tid før kampen. For der Fognaspelerane ankom i enkle bilar og ein traktor frå 1982, kom Skjoldspelarane i ein leigd buss med sota vindauge. Bussen var såpass stor at den ikkje fekk plass på parkeringsplassen ved Fogn stadion, så det kunne tyda på at Fogn ikkje var dimensjonert for slike motstandarar.

Men det viste seg å ikkje stemma, då kampen kom i gang. Grunna divisjonsforskjellen fekk Fogn starta med tre straffar. Både Sondre Sandanger Sørheim og Jakob Bø sette sine straffar trygt i mål, medan Johannes Hovda viste litt meir storsinn mot dei langveisfarande gjestene, og sette sin straffe over mål. 2-0 før start der altså.

Skjoldlaget viste tidleg klasse og skåra 3 mål i løpet av det første kvarteret, men då Fogn fekk rista av seg sjokket, byrja dei også å kome på farlege visittar på bortelaget sin banehalvdel. Johannes Hovda var særs nære med eit langskot i stanga, og kort tid etter fekk Fogn utteling for den gode innsatsen. Jørgen Bø jakta på ein bakromspasning, og fekk til slutt pressa Skjoldforsvaret til å levere ei dårleg klarering. Denne hamna rett i beina på Håvard Østhus, som hadde ein nokså enkel jobb med å sette inn utlikninga til 3-3!

Den uavgjorte stillinga heldt seg både til pause og omlag til halvspelt andreomgang. Skjoldspelarane byrja å bli stressa og frustrerte, men fekk til slutt hol på byllen, noko som førte til den velkjente ketchup-effekten til 3-4. 3-5 og 3-6 i løpet av få minutter. Like før slutt fekk Fogn eit hjørnespark som enda opp i ein heil del klabb og babb inne i feltet. Til slutt fekk Johannes Hovda kontroll på ballen og gjorde opp for straffebommen ved å banka inn reduseringa til 4-6! Og med kampens siste spark på ballen sette Skjold inn sin siste fulltreffar, slik at det heile endte med ein 7-4 siger til bortelaget.

Etter kampen var det god stemning mellom laga, som stilte opp til fellesbilete. Under fotoseansen stilte bortelaget spørsmål om det var ein plass å handle på Fogn, sidan dei hadde lang ventetid til båten. Då tilbaud Fognkaptein og sjef på "Jokeren", Ivar Opsal, seg å opna butikken for motstandarane, sjølv om vi no var fleire timar over stengetid. Slikt kan berre skje på landet, og vert heilt sikkert eit godt minne for spelarane frå Haugalandet!

Foto: Jonathan Reichbach