Det skjal vera andre reglar for boligbygging på øyar utan fastlandsforbindelse enn på dei med, meiner Stavanger kommune.

Tidlegare ordførar Kjell Nes har den 3. mai eit innlegg i Øyposten kor han kjem med tildels sterk kritikk av underteikna og av det eg skreiv i det innlegget kor eg frårådde Øyfast-tilhengjarar å stempla meiningsmotstandarar som «egoistar» (eller for å ha «ei egoistisk haldning»). Eg vil gjerne få kommentera nokre av dei sentrale poenga i Nes sitt innlegg.,

Nes hevdar at vi som er skeptiske til visse aspekt ved finansieringsplanen for Øyfast ikkje kjenner historia til Finnfast-og Øyfast-prosjekta (samt Rennfast-prosjektet) godt nok, og viser mellom anna til kva som skal ha funne stad i kommunestyret i Finnøy heilt tilbake til 1990-talet.

Det er sikkert mykje interessant lokalpolitisk historie i det Nes skriv om, men eg ser ikkje nokre relevante argument her for at vi frå 2024 skal ha 5 år ekstra bompengeinnkrevjing på Hanasand. Samme kva lokale politiakarar har snakka om eller tenkt på 1990-talet (og seinare), så er stortingsproposisjonane for Finnfast tydelege på at Finnfast er eit eige prosjekt, og at Hanasand-bommen skal leggjast ned når prosjektet er nedbetalt. Dette har vore føresetnaden for mange som har flytta hit til Finnøy det siste tiåret, noko som har komme fram i ei mengd innlegg i Øyposten og på sosiale medier dei siste månadene.

,Mange års ekstra bompengeinnkrevjing på Hanasand er ikkje berre i strid med føresetnadene i stortingsproposisjonane for prosjektet. Enno viktigare er det at dette er i sterk strid med viktige

rettferdsprinsipp

for korleis vi fordeler økonomiske byrder i landet vårt. Som den store hovudregel så betaler vi for fellesgoder gjennom skattesetelen og gjennom generelt gjeldande avgifter, slik som meirverdiavgifta. Dette sikrar grunnleggjande rettferds-og likskapsomsyn: kvar av oss betaler etter evne i samsvar med satsar som vi kjenner på førehand og som gjeld likt for alle, i alle fall alle i samme kommune.,Når det offentlege tek inn pengar utover dette, bør det så langt som praktisk råd skje i form av

brukarbetaling,

slik som bompengeprosjekt kor dei som nyttar prosjektet er med og betaler på det til det er nedbetalt. Det å halda bompengeprosjekt gåande etter dette tidspunktet, fordi ivrige lokalpolitikarar finn ut at ein slik kan henta inn ekstra pengar til andre prosjekt, blir i realiteten ein form for ekstra skattleggjing av visse innbyggjargrupper. Dette er ein form for ekstraskatt som fort vil ramma sosialt skeivt, og som kan opplevast som vilkårleg og urettvis for dei som blir råka.,

Dette er nok mykje av forklaringa på at så mange på Finnøy og Talgje reagerer sterkt på Øyfast-finansieringsplanen. Mange som har flytta hit med ei forventning om at Hanasand-bommen skal stå der kun til Finnfast-prosjektet er nedbetalt, opplever at politikarane no endrar spelereglane undervegs, og går inn for å leggja ein høg ekstraskatt på dei. Denne ekstraskatten vil ikkje råka innbyggjarane i Nye Stavanger kommune likt, nei, det er dei som av ulike grunnar må køyra ofte mellom akkurat Finnøy/Talgje og Nord-Jæren (tilflyttarar og innfødde) som i størst grad skal ta denne økonomiske børa.

I tillegg

kjem at Øyfast-finansieringsplanen legg opp til at midlar som i dag går til kollektivtrafikk istadenfor skal gå til å finansiera tunnellar og privatbilisme, noko som ikkje akkurat framstår særleg framtidsretta og som å leggja til rette for livskvalitet for dei som er avhengige av eller ønskjer å reisa kollektivt.,

Eg held fast ved at lokalpolitikarane og Øyfast-gruppa bør ta på alvor og respektera at mange, både tilflyttarar og innfødde, finn det sterkt problematisk både med ekstra bompengeinnkrevjing og nedprioritering av kollektivtilbodet. Det å moraliserera og skulda desse for å ha «egoistiske haldningar» blir berre ein blindveg og ein effektiv måte å skapa splitting og konfliktliner på.

Nes avsluttar med å uttrykka at han er særskilt skuffa over at eg, som har ein bakgrunn som KrF-politikarar, kjem med kritikk av Øyfast-finansieringsplanen. Det gjer vondt å skuffa folk, men det får stå sin prøve. Slik eg ser det så er det ingenting i KrFs ideologi som tilseier at ein må støtta den typen urettvis bruk av bompengar som Øyfast-finansieringsplanen legg opp til. Vidare er det heilt i tråd med KrFs ideologi å vera oppteken av fungerande kollektivtilbod.

Så blir det litt upresist når Nes hevdar at eg no «søkjer» politiske verv i den nye Stavanger-kommunen. Det stemmer at eg står på KrF-lista, eit stykke nede, for å markera støtte til partiet. Men om eg hadde hatt ein ambisjon om å bli vald til verv, så spørs det om eg hadde våga å ytra meininga mi om Øyfast-finansieringsplanen.

Men lat meg leggja til at eg er ein varm tilhengjar av Øyfast-prosjektet eg også, under føresetnad av at ein kan komma fram til ein finansieringsmodell som avdempar dei mest problematiske aspekta ved den planen som til no er lagt fram. Så rådet mitt til dei politikarane som skal arbeida vidare med dette, er at de tek på alvor dei innspela som har komme, både når det gjeld bompengeforlengjing på Hanasand og når det gjeld uroa knytta til kollektivtilbodet i Ryfylke i framtida!

Lat meg avslutta med å seia at eg har stor sans for Kjell Nes, og det er ikkje endra, sjølv om vi no har hatt denne friske debattutvekslinga.

Ola Johan Settem

Finnøybu