|

Første mål etter 7 minutt.,

6 mål til pause, like mange til begge lag.

To raude kort. Sju gule kort til Finnøy og fem til Buøy.

Jo, det gjekk føre seg på kunstgraset på Buøy, der Finnøy til slutt tapte 4-5 og fekk Ianis Kovacs utvist etter 71 minutt. Då hadde heimelaget gjort 4-3 i det 61. minutt. Så scora dei ein gong til i det 82. minutt. Då hjalp det lite at Kristian Ledaal reduserte tre minutt før slutt. det var hans andre for dagen. Hans Runar Risanger Eike (7) og Torjus Halsne (30) scora dei to siste.

Mot Buøy var Anders Eike ute etter sitt raude kort mot Tasta sist, medan folk som Sander Idsøe, Roar Haug, Marton Østebøvik, Sylwester Kowalski heller ikkje var med. Men stopparen Tomasz Cieslikowski var tilbake etter skade,Torjus Halsne var klar etter suspensjon og Flavius Mihet tilbake frå ferie.

Finnøy hadde før denne kampen 11 poeng på sine 14 kampar, og moglegheit til å ta inn Buøy som hadde 14 poeng på 14 kampar.  No er avstanden seks poeng og Finnøy må konsentrere seg om å halde Randaberg2 og Kvitsøy bak seg på tabellen i avdeling 3.

Finnøy sine seks siste kampar:

Buøy 4-5 (B)

Tasta 0-3 (H)

Stavanger 1-2 (B)

Mastra 4-2 (H)

Madla2 2-8 (B)

Kvitsøy 7-0 (H)