Under den første miniturneringa som er avvikla innandørs i hallen for denne aldersgruppa, som spelar 3v3, såkalla 3-ar fotball på banar av storleiken 10x15 meter , vart det også prøvd ut eit heilt nytt banekonsept for første gang.Dette på ein av dei tre banane som blei nytta.,

Eit mobilt og mjukt kunstgras som vart rulla ut på førehand, med oppblåste plastpølser som vant (vegger) rundt .Det er NFF,Rogaland som eig det nye mobile banekonseptet og som er støtta økonomisk av Grieg Seafood og Sparebankstiftelsen SR-bank .

-Dette er heilt konge å spela på for ungane, og eit kjempeartig arrangement, nærmast skryt Anders Eike frå Halsnøy og Trygve Hetland frå Sjernarøy i kor.Dei hadde sjølv fått sett saman sitt eige øyalag for anledning, med bestekompisane Matheo Eike og Ole Andreas Hetland i spissen.I tillegg hadde dei fått med seg Morten Halsne frå Talgje og finnøyjenta Erle Vignes Isachsen på laget.

Ei skikkeleg forbrødring mellom øyane altså.

Frå Hundvåg hadde også 1-klassetrioen,Sivert Johannessen,August Høvring og Liam Solli, også sørga for at byassane i den nye storkommunen var representert.Og i ein tett og jamnspela kamp seg imellom, var forbrødringen inntakt etterpå, slik det også er og skal vera når ekte sportsånd blir utvist .