Marie Therese Reilstad og Brit Elin Nordbø kan ønska velkommen til ein julepynta blomsterbutikk på Judaberg.||||

- Me brukar pynta til jul den første laurdagen i november, slik blei det i år også, seier Marie Therese Reilstad og Brit Elin Nordbø til Øyposten.,

Det koselege trekvite huset ved kaien har julepynt i alle fasongar i alle krikar og krokar. Juletreet er pynta og lysa tende, og frå taket dalar det julenissar i fallskjerm. Sviblar, julestjerner og blomster høyrer også med.

-Me får litt kommentarar om at me er tidleg ute med å pynta til jul. Men det er kjekt og, legg dei til, seier Brit Elin Nordbø.

Nå i november døyper dei om blomsterbutikken til julehuset, og i romjhula blir det omdanna til nyttårshuset.

-Det er desember me lever av. Spesielt siste veka før jul kan vera veldig travel. Då er det veldig kjekt å jobba her, og folk er flinke til å bruka oss, seier  dei to.

-