-Me hadde bygd opp med sandsekker og sikra så godt me kunne. Varer var sett på pallar og pc’ar løfta opp. Men i halv eitt-eitt tida natt til onsdag såg me at sjøen begynte å dra seg tilbake. Då var faren over, seier dagelg leiar for Coop Extra på Judaberg, Svein Inge Goa til Øyposten.,

Butikken ligg bare nokre få meter frå kaikanten, men sjøen nådde ikkje høgt nok til at han gjekk over kaikanten og kom inn i butikken.

Goa var sjølv til stades for å overvaka situasjonen ut over kvelden og natta.

Heller ikkje frå andre stader i Finnøy eller Rennesøy er det meldt om skader.

I Vikevåg heldt Rolf Aarsheim eit vakle auga med utviklinga tysdag-kvelden. Aarsheim har hus heilt i sjøkanten, men slapp å få sjøen inn i huset.

-Det var framleis sju-åtte ventimeter igjen å gå på då det slutta å flø. Det blei heller ikkje så gale som under storfloa i 1994, seier Arrsheim.

Onsdag middag kraup sjøen oppover igjen, men Aarsheim frykta ikkje at det skulle gjera skader.

- Det gjekk av i likaste laget denne gongen og, seier han.