Hol i motorblokka ga full Finnfast-alarm

Det var truleg hol i motorblokka i ein  lastebil frå Renovasjonen i Stavanger som førte til at det blei slått alarm om branntilløp i Finnøytunnelen.

Simen Rye frå Viking Redningstjeneste i gang med å undersøkja motoren.|Bilen, som tilhøyrer Renovasjonen,  blir truleg slept til Stavanger.||
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY: Ein redningsbil frå Viking fekk slept bilen ut til Plata på Finnøy ved 17-tida torsdag ettermiddag.,

-Det er truleg hol i motorblokka, som gjort at det lak olje ut og som fordampa på den varme motoren, opplyser bilbergar Simen Rye i Viking Redningstjenete til Øyposten.

Bilen blir nå slept til verkstad i byen. Det var litt før klokka 15 at det blei meldt om branntilløp i tunnelen. Det danna seg fort kø av bilar på begge sider, medan tunnelen var stengd. Både politi og brannvesen rykka ut.

 Bilen, som tilhøyrer Renovasjonen, blir truleg slept til Stavanger.
Publisert: