Terje Helland (nærast) og Haakon Vidar Austbø frå Lindanger Maskin er i god gang med å fiksa opp den viktige turvegen i Prestvågen på Rennesøy.||Etter grusing, skal turvegen komprimerast. Då er han til og med brukande for barnevogner, lovar kommunen.|Det går med mange lass med grus. Her tippar Terje Helland eit nytt lass i turvegen.

RENNESØY:

Ifølge drifstleiar Eirik Christophersen i Stavanger kommune kjem turgåarane i området til å merka stor forskjel når arbeidet er ferdig om ikkje så lenge.,

-Den gamle stien var det ikkje gjort noko med på årevis, og begynte å bli temmeleg sliten. Nå legg me ny grus på han, og komprimerer han etterpå. Då kan du til ogf med gå tur med barnevogn her, lovar Christophersen.

Etter grusing, skal turvegen komprimerast. Då er han til og med brukande for barnevogner, lovar kommunen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Det er Lindanger Maskin på Rennesøy som  har oppdraget med å fiksa opp turvegen. I tillegg blir vegen inn til Prestvågen ordna.

-Det er nok ein del sorpa akkurat nå når arbveidet pågår. Men folk bør ikkje fortvila, det kjem til å bli kjempefint når det er ferdig. Dette er ein viktigv og mykje brukt turveg, som også sjukeheimen på Rennesøy har glede av. Difor prioriterte Stavanger kommune å fiksa han opp, forklarer Eirik Christophersen.

Det går med mange lass med grus. Her tippar Terje Helland eit nytt lass i turvegen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø