(Arkivfoto) Av dei øyane som ikkje har vegsamband til fastlandet, er det berre Fogn som har hatt ei positiv utvikling, men også her i varierande grad, skriv forfatterane.|Kjell Nes, tidlegare ordførar i gamle Finnøy kommune.|Henrik Halleland er gruppeleiar for KrF Stavanger.

Av Henrik Halleland, gruppeleiar Krf Stavanger og tidl. ordførar Finnøy.,

Kjell Nes, tidl. ordførar Finnøy.

FINNØY:

Øyane i Boknafjorden har mange gode kvalitetar. Men sjøen mellom dei bind ikkje lenger saman. Den skapar avstand, og er eit hinder for utvikling av lokalsamfunna. Det same kan seiast om fleire fjordar i Ryfylke. Provet på dette kan ein sjå i folketalsutviklinga i heile Ryfylke, men mest tydeleg er det der «sentraliteten» er lågast. (Eit ord frå NOU 2020: 15, «

Det handler om Norge»

).,

Eit anna prov er utviklinga etter at det er bygt faste fjordkyssingar som Rennfast, Finnfast, og no seinast Ryfast.

Folketalsutvikling på øyane i gamle Finnøy kommune

(inkl. heile Ombo).,

198019902000201020202021ENDRING
Fogn3192993123473223406,6 %
Halsnøy152136143128118118-22,4 %
Ombo326297283237228227-30,4 %
Sjernarøyane446470463382347338-24,2 %
Byre/Bokn293028221616-44,8 %
Sør-Talgje125160165171266286128,8 %
Finnøya13841459154316021939192338,9 %

Av dei øyane som ikkje har vegsamband til fastlandet, er det berre Fogn som har hatt ei positiv utvikling, men også her i varierande grad. Toppen var faktisk i 2011 med 364 innbyggjarar.

Det som dominerer biletet, er utviklinga som Finnfast har gitt etter opninga i 2009.

,Rapporten

«Det handler om Norge»,

frå utvalet leia av Victor Normann, har som utgangspunkt:

«Regjeringen ønsker levende lokalsamfunn og vekst i hele landet».

Same rapport seier og:

«Kommunene bekymrer seg for befolkningsnedgang, staten bekymrer seg for aldring».

Men me ser ikkje at vår kommune, Stavanger, bryr seg så mykje om kva som er i ferd med å skje på dei nordre øyane i kommunen. Heller ikkje er det så tydeleg kva Rogaland fylkeskommune tenkjer om utviklinga, jamfør kampen for snøggbåtane i fjor.

Henrik Halleland er gruppeleiar for KrF Stavanger, og tidlegare ordførar i gamle Finnøy kommune. Foto: FOTO: Privat

Ny regjering

,Den nye regjeringa følgjer opp rapporten

«Det handler om Norge»,

og har i

«

Hurdalsplattforma

»

lagt inn ein god del tankegods frå denne rapporten til Normann. Billegare og til og med gratis ferjer, betring av digital infrastruktur. Forenkling av planprosessar, seier den nye regjeringa.

«

Redusert uhensiktsmessig detaljstyring er avgjørende for at distriktskommunene skal kunne ta ansvar for egen utvikling»,

seier rapporten.,Men det som har verka i gamle Finnøy, har rapporten

«Det handler om Norge»,

i alle fall skjøna. Uttrykket som er brukt er

regionforstørring.

,Og rapporten seier:

«Studiene indikerer at utbygginger som forbinder små kommuner med lange reisetider, har langt lavere gevinster enn utbygginger som binder kommuner sammen til ett funksjonelt arbeidsmarked, eller utbygginger som øker samhandlingen i et eksisterende arbeidsmarked».

Dette er nett det me har sett etter bygginga av Rennfast og Finnfast. Dette er rett og slett den nye Stavanger kommune.

,Rapporten seier vidare:

«Det er fergeavløsningsprosjektene som gir de største mulighetene for regionforstørring».

,Det er gjort utgreiingar om auka ferjefrekvens kan vera like godt. Rapporten svarar slik:

«Disse utredningene finner små ringvirkningseffekter av frekvensøkningene og varierende grad av gevinster i form av regionforstørring».

Kjell Nes, tidlegare ordførar i gamle Finnøy kommune. Foto: FOTO: Privat

Kva gjer me?

Den utviklinga me har, kan ikkje halda fram lenge utan å gjera uboteleg skade på øysamfunna. Gamle Finnøy kommune hadde skjøna problemet, og peika på løysinga.

Ferjeavløysingsprosjektet Øyfast kan gi den regionforstørringa ein treng nord og aust i Stavanger kommune. Frå neste år har fylkeskommunen ein ferjekontrakt for desse øyane som skal kosta kring 100 millioner kroner årleg dersom ferjene vert utan brukarbetaling. Dette vil auka med ferjekostnadsindeksen. Fylket reknar nok med å få denne kostnaden dekka av staten.

I tillegg kan det koma store investeringar og auka kostnader på utsleppsfrie ferjer i framtida. For Hordaland, som er komen lengre enn Rogaland i dette, var kostnaden rekna å auka frå 346 mill kr til 642 millioner kroner frå 2019 til 2020, ifølgje ein rapport frå Møreforsking og Høgskolen i Volda.

Når ein i tillegg veit at noverande straumforsyning i distriktet manglar kapasitet til å dekka dette, må ein spørja: Kor går grensa, er det ikkje betre å byggja veg, der den framtidige trafikken er fossilfri, og felleskostnaden ein gong i framtida vert kraftig redusert?

Finansieringa av dette er gjennom ferjeavløysingsordninga. Dersom fylkeskommunen får kring ¾ av årleg kostnad med neste ferjeanbud, vil det tilsaman i 45 år verta mellom 6 og 7 milliardar kroner frå staten til fylkeskommunen.

Me trur at med ei slik løysing for øyane, er regionforstørringa her fullført, og den store verdiskapinga på fjorden og øyane kan utvikla seg vidare.

Stavanger kommune si rolle

,Det er fylkeskommunen som er regional utviklar. Og Hurdalsplattforma seier:

«regjeringen ønsker å styrke fylkeskommunen som samfunnsutvikler».

,Men same plattform seier meir:

«Regjeringen vil innføre en pilotordning med bygdevekstavtaler. Dette skal være et nytt distriktspolitisk virkemiddel for utvikling, vekst og langsiktige rammer som styrker næringsliv og bosetting i Distrikts-Norge. Dette skal være langsiktige avtaler mellom staten og distriktskommuner med særlig behov for støtte til næringsutvikling. Piloten skal bestå av én til to avtaler per fylke.»

Stavanger kommune er no og ein distriktskommune, og bør vera interessert i å ha ein slik bygdevekstavtale. Der kan Øyfast vera ein sentral del, og Stavanger sin økonomiske del av dette kan vera middel som Havbruksfondet gir til kommunen.

Kven tar denne utfordringa?