Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken saman med Depute Lord Provost Councillor Jennifer Stewart i Aberdeen på torsdag denne veka.

ABERDEEN:

Torsdag denne veka blei lysa på juletreet i Aberdeen tent av varaordfører i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken (Sp), og Deputy Lord Provost, Jennifer Stewart (tilsvarande varaordfører). Treet er ei årleg gåve frå Stavanger til den skotske vennskapsbyen.,

Rekordmange, rundt 500 personar, hadde tatt turen til Castle Gate for å vera med på den høgtidelege seremonien midt i Aberdeen sentrum, ifølge ei pressemelding frå Stavanger kommune.

– Det er ei stor glede for oss å senda denne gåva til Aberdeen og møtas for å tenna lys saman. For meg er dette ein tradisjon som symboliserer at me vil kvarandre vel, sa Dagny Sunnanå Hausken til innbyggarane i vennskapsbyen under folkefesten.

Årets tre kjem frå Rogaland arboret og skal vera rundt 13 meter høgt.

Det første juletreet blei sendt til Aberdeen i 1993, som ein del av vennskapsbysamarbeidet mellom dei to byane. Etter nokre år blei det stopp, men tradisjonen blei plukka opp igjen i 2005.

Aberdeen og Stavanger har lange tradisjonar for samarbeid. Mange selskap har kontorer i begge byane, og mange tilsette føler seg heime begge stadene, står det i pressemeldinga. Under besøket i den skotske energibyen blir det også møter med næringsliv og lokale myndigheiter.