-Synd på dei unge, synes Inger Bru frå Rennesøy.|-Er dette lov, undrar Jorunn Marie Blomberg.|Ottar Sandanger (Ap).|Randi Byre var for seint ute til å få kjøpt ved.|Nils Petter Sand tykkjer ikkje det er ein god ide å eksportera mykje meir straum enn me importerer.

FINNØY-RENNESØY:

Etter at 2020 blei et uvanleg billeg år, har straumen blitt uvanlig dyr i 2021. I dag, tysdag, er spotprisen 2,53 kroner per kilowattime, og då er ikkje nettleiga til Lyse inkludert.,

-Grusomt og

forferdeleg

RENNESØY: -Det er heilt forferdeleg, rett og slett grusomt, seier Jorunn Marie Blomberg til Øyposten. Ho bur i Tønsberg, men er på besøk hos dottera si på Rennesøy. Og kraftprisane i Tønsberg er like høge der som her.

-Det kan ikkje vera lov å ta så høge prisar på straumen. Straumrekninga mi blir dobla til godt over 4000 kroner i månaden, og det er mykje for ein pensjonist. Kraftselskapa treng ikkje sko seg på dette, men helller kutta prisane, meiner ho, som prøver å spara så godt ho kan med å bruka varmepumpe og fyre med ved.

-Er dette lov, undrar Jorunn Marie Blomberg. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Synd på dei unge

RENNESØY: - Det er synd på dei unge, dei høge straumprisane rammar først og frems dei. Eg har eit barnebarn som er student, og så vidt eg skjønar på han er det mange av studentane som slit, seier Inger Bru frå Eltarvåg på Rennesøy.

-Kva med deg, du brukar vel straum du og?

-Ja, men me har både varmepumpe og mykje ved sjølv. Me har ikkje frose til nå, men me prøver å spara straum med å skru ned varmepumpa om natta.

-Gruar du deg til neste straumrekning?

-Nei, men det er nok dei som gjer det, seier Inger Bru.

-Prøver å spara

FINNØY: - Slik det ligg an no trur eg prisane på straumrekninga blir dobbel så høg som tidlegare.

Eg prøver å vera bevisst, men tykkjer at det eg bruker av straum er det eg må kunne unna meg. Eg har ikkje sett i gang drastiske tiltak, seier Ottar Sandanger frå Fogn.

- Det er styresmaktene sitt ansvar å gripa inn om ikkje folk klarer å betala rekninga, og det kan gjerast på fleire måtar. Det er jo slik med straumen som med bankrenta, den går opp og ned, og svingar i takt med vêr og vind. Når prisane normaliserast igjen, er dette gløymt, trur Sandanger.

Ottar Sandanger prøver å vera bevisst i straumforbruket. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

-Må forbruka mindre

FINNØY: - Eg veit ikkje korleis dei høge prisane vil slå ut på straumrekninga, det har eg ikkje rekna på ennå, seier Randi Byre.

- Det er nok rom for å gjera visse tiltak for å redusera prisen. Til dømes burde eg konsekvent lada bilen på tidspunkta då prisane er lågast. Me tenkte faktisk å kjøpa ved, men var for seint ute, og fekk berre tak i litt. På generelt grunnlag er me flinke å redusera varmen og skru av lyset i rom som ikkje er i bruk. Men eg har ikkje tru på å shoppa straum slik mange gjer, det verkar mot si hensikt. Det besta me alle kan gjera for klimaet er å forbruka mindre, så enkelt, meiner ho.

Randi Byre var for seint ute til å få kjøpt ved. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

Lite lurt å selja

straumen til utlandet

FINNØY: - Eg leste ein stad at straumrekninga i september ville bli tredoble samanlikna med same månad i fjor. Det kan nok godt stemma, for mange, seier Nils Petter Sand.

- Eg gjer som eg alltid har gjort og fyrer med ved. Det blir ikkje iverksett ekstra tiltak i heimen, eg bruker like lite som før uansett pris. Ei heller på sikt får det konsekvensar for min del, eg er alltid forsiktig.

- Eg tykkjer ikkje det er ein god idé at Norge sender tre gonger meir kraft til utlandet enn det me importerer, seier Sand.

Nils Petter Sand tykkjer ikkje det er ein god ide å eksportera mykje meir straum enn me importerer. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland